TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Aukande interesse for gardsvarmeanlegg

Aukande interesse for gardsvarmeanlegg

«Siste åra har me merka ein aukande interesse for gardsvarmeanlegg på Vestlandet» seier Karl Ludvig Ådland i Nærenergi Norge AS. Kysten gror igjen av lauvskog, energiprisane er stigande og grøn fornybar energi får auka fokus. I desember blir det arrangert fagdagar på Voss og i Rosendal for alle interesserte.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.11.2018

Auka tilgang på lauvskog og stigande prisar på alternative energikjelder fører til større interesse for gardsvarmeanlegg

Karl Ludvig Ådland i Nærenergi Norge AS har arbeidd med bioenergi i mange år. I dag har han konstorstad i Aksdal, Tysvær kommune i Rogaland. På vegne av samarbeidspartane Norsk Landbruksrådgjeving, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Hordaland, inviterar han til fagdag i Rosendal 3. desember og Voss 5. desember.

130 gardsvarmeanlegg
Ådland seier at det har vore aukande interesse for å byggje gardsvarmenalegg basert på flis og ved dei siste åra. Innovasjon Norge har gjeve støtte til 31 anlegg i Rogaland, 35 anlegg i Hordaland og 64 anlegg i Sogn og Fjordane. Særleg i Rogaland er det siste åra også etablert flisfyring ved større offentlege og private biovarmenalegg. Det er mange grunnar til dette, alternative energiprisar og sikker tilgang til eigna flis kanskje det mest viktige. Og vi veit jo alle at ressursane i lauvskogen jamt blir større og større sier Ådland.

Fagdagane på Voss og i Rosendal er opna for alle, sjå vedlagde program.
Rosendal
Voss