TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Endeleg i gang

Endeleg i gang

Denne veka starta arbeidet på Eidsnes tømmerkai i Lindås. Kaien skal forlengast 75 meter og byggast som ein betongkai på stålrøyrspilarar. Med ei totallengd på 135 meter kaifront blir dette ein av dei mest rasjonelle tømmerkaiar langs kysten.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.11.2015

 
Leiar i Nordhordland skogeigarlag Sigvard Hopland (t.v.) signerte kontrakten for utbygging av Eidsnes tømmerkai med Fred Nilsen i Byggservice AS den 29. oktober. Denne veka starta arbeidet.
Foto: Helge Kårstad

Denne veka starta arbeidet på Eidsnes tømmerkai i Lindås. Kaien skal forlengast 75 meter og byggast som ein betongkai på stålrøyrspilarar. Med ei totallengd på 135 meter kaifront blir dette ein av dei mest rasjonelle tømmerkaiar langs kysten

Trekaien vart for dyr på Eidsnes.
Eidsnes tømmerkai i Lindås vart først lyst ut som ein trekai, men tilboda vart for høge (ca. 19 millionar kroner) jamført med oppdaterte kalkylar for ein tilsvarande betongkai. Som trekai var det planlagt eit spennlaminert tredekke på limtrebjelkar med forankring i bakmur. Teikningane var utført av ingeniørane Tormod Dyken og Øystein Sørli og var dei første teikningane for ein moderne industrikai i tre i Norge.
Vi vil understreke at det er av interesse å prøve ut konseptet andre stader, og prinsippa i teikningane vil i så fall bli stilte til disposisjon. Interesserte kan ta kontakt med underteikna.

Opning til 17. mai
Prosessen kring trekaien kontra betongkai har teke tid, og det har vore mange tilbydarar inne i prosessen. I siste runde vart prosjektet lyst ut som ein rein betongkai, og firmaet Byggsevice AS frå Kvinnherad i Hordaland fekk det endelege tilslaget. Totalkostnad for arbeid med kaifront og bakareal er ca. 13 millionar kroner + mva.
Kaien skal byggast av betong på stålrøyrspilarar som er forankra undersjøisk med fjellboltar. Utover dette består pilarane av betongfylte, armerte jernrøyr. Det er planlagt fleksible staker av casingrøyr på kaidekket. Bakarealet blir også noko utvida.
I dag går det ca. 30 000 m3 tømmer over kaien og det er venta å auke til ca. 80 000 m3 fram mot år 2040. Utvidinga vil gi ei innsparing kring 20 kr/m3. Byggjetida er 130 dagar og det er venta opning kring 17. mai 2016.