TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vesterålen kom til Bergen

Vesterålen kom til Bergen

Denne veka kom skogsfolk frå Vesterålen til Bergens Skog- og Træplantingsselskap, Skogforskninga i Fana, Stiftelsen Bryggen og Solberg Sag. Tema var produksjon, foredling og bruk av spesialvirke frå skogen.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.09.2015

Øverst: Frå eit av forsøksfelta (Picea sitchensis) til NIBIO i Fana.
F.v Bernt-Håvard Øyen (Stiftelsen Bryggen), Jan-Ole Skage (NIBIO), Johan David Christopher, Hans Nyeggen (NIBIO), Gjermund Pettersen, Nile Erik Klasussen, Torgeir Hjalte og Jostein Holmeng. Ivar Skogstad var ikkje tilstades når biletet vart teke.
Nederst: Eit av dei store grantrea (Picea abies) i flate 70 ved NIBIO i Fana. Dette feltet er 145 år gammalt, det står 140 kubikkmeter pr. dekar og middeltilveksten har enno ikkje kulminert.
F.v. Nils Erik Klaussen og Gjermund Pettersen
Alle foto: Helge Kårstad

Mange hus av tre i Lofoten og Vesterålen
Det er mykje skog i Vesterålen og meir vil det bli. Knapt nokon stad i landet har husa, uthusa og bryggene vore bygd meir av tre enn i Lofoten og Vesterålen. Kanskje har denne landsdelen også noko med dei beste driftstilhøva for skogsdrift i landet. Men mykje av skogen er enno ung, og det gjeld difor å utnytte det hogstmodne virket lokalt og på beste vis. Dette er noko som stadig engasjerar skogfolk, også i Vesterålen.
Difor var tema for besøket produksjon, foredling og bruk av spesialvirke.

Skogforskninga i Fana har betydd mykje for Kystskogbruket og Vesterålen
Skogforskninga i Fana (NIBIO) var første stopp. Avdelinga i Bergen (før kalla Vestlandets Forstlige Forsøksstasjon) var som den første etablerte skogforskninga i Norge etablert i 1915 (styrevedtak i Bergen Skogselskap 27. okt.1915). Det er såleis i 100 år produsert store mengder forskingsresultat og kunnskap kring plantefysiologi, foredling av skogstre, treslagsval, proveniensval og biomangfold. Kunnskap som Kystskogbruket og ikkje minst Vesterålen har drege stor nytte av.
Hans Nyeggen og Jon-Ole Skage (i dag tilsett ved NIBIO i Fana) og Bernt-Håvard Øyen (tidligere tilsett ved avdelinga) orienterte deltakarane om data frå forsøksfelt og produksjonsmulegheiter for ulike treslag. Ei imponerande framstilling av godt dokumenterte resultat som absolutt fleire burde få høyre !

Øverst: Arvid Solberg ved Solberg Sag studerar nyskore (bandsag) gammal sitka saman med Jostein Holmeng frå Vesterålen. Kjøparen av dette spesialvirket er Austrheim Vidaregåande Skule som nyttar virket til produksjon av møblar m.m. i undervisninga.
Nederst: Skur av sitka (bandsag) ved Bergens Skog- og Træplantingssselskap på Fløyen.
F.v. Sagmester Ola Tormod Presttun, Gjermund Pettersen, Nils Erik Klaussen, Jostein Holmeng og Torgeir Hjalte.
Alle foto: Helge Kårstad
 

Frå Solberg Sag til Fløyen og Bryggen
Solberg Sag på Osterøy har vi skrive om her tidlegare. Dette er ei mindre moderne skogindustribedrift som byggjer på tradisjonar og kompetanse. Kompetanse om ulike treslag, skur og høvling av tre, tørking av tre, bruk av tre som spesialvirke og ikkje minst overflatebehandling av tre.

Også ved Bergen Skog – og Træplantingsselskap under Fløyen vart deltakarane godt orienterte av dagleg leiar Jørgen Frønsdal om kva mulegheiter skur av gammalt tømmer frå skogen byr på. Jørgen Frønsdal er sjef for Bergen by sin store stoltheit, - skog- og spaservegen Fjellveien, dei andre fleirbruksvegane og skogen rundt Fløyen. Dette er også eit av dei mest brukte turområda i Norge.
Paradoksalt også arena for store, gamle tre/ treslag, i mange tilfeller blant dei eldste og største i landet.
Dei siste åra har Jørgen også (blant mykje anna) etablert bandsagbruk for skur av dette gode gamle spesialvirket.

Når deltakarane til slutt vart invitert til omvisning på Bryggen der tre og trebruk har vore sentralt i fleire hundre år, var på et vis ringen slutta. For med ei grundig orientering av noverande direktør og tidlegare skogforskar Bernt-Håvard Øyen var det ingen tvil om at alt trevirke nødvendigvis ikkje er brukande trevirke. Skal ein byggje og restaurere for framtida trengs det beste og ofte eldste virket som fins. Då betalar også kjøparen godt.
Og nettopp på Bryggen er det eit kontinuerleg behov for spesialvirke, - virke m.a. frå bandsaga på Osterøy, på Fløyen eller oppgangsaga i Herand i Hardanger m.fl.
Ja potensiala er store fordi nordmenn set meir og meir pris på slike høgkvalitetsmaterialer ved nybygg og i tillegg er det eit stort restaureringsbehov i heile landet. Også i Vesterålen er det eit stort behov for denne type moderne småskala skogindustri.