TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Det største idrettsanlegget vi har

Det største idrettsanlegget vi har

"Skogsvegane er det største idrettsanlegget vi har" seier Hans R. Dankertsen, leiar i Fana IL, eit av dei størte og mest aktive idrettslaga i landet. Skogsvegane får fram store tømmerverdiar frå skogen, men har også stor betydning for idrett og folkehelse fekk landbruks- og matminister Sylvi Listhaug høyre då ho nyleg opna ein ny skogbilveg på Bontveit i Fana.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.09.2015

Øverst: Leiar i Fana IL Hans R. Dankertsen fortalde landbruks- og matminister Sylvi Listhaug kor viktige skogsvegane også er for idrett og folkehelse.
Nederst: Leiar i Bontveitdalen Veglag Paul Særvold (t.h) er ei stor eldsjel for skogbruk og skogsvegbygging. Dei andre grunneigarane takka Særvold for arbeidet og sette samtidig svært stor pris på at ministeren opna den nye skogsvegen deira.
Alle foto: Helge Kårstad

Bontveitdalen veglag i Fana/ Bergen kommune har siste åra bygd ca. 20 km skogsbilvegar. Desse vegane løyser ut ca. 100 000 kubikkmeter tømmer dei nærmeste 20 åra og gir ei verdiskaping i fylket på ca. ein halv milliard kroner. Skogsvegane på Bontveit er også viktige turvegar/ fleirbruksvegar.

Satsa i rett tid
Skogsvegen Bontveitveien er nyleg ferdigbygd og skogeigarane på Bontveit sette svært stor pris på at sjølvaste landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opne denne vegen 20. august.
Og ministeren skrytte over skogeigarane i Fana som hadde satsa i rett tid og drege nytta av hennar satsing på skogsvegar. For som Listhaug sjølv sa: «Skognæriga gir stor verdiskaping frå stubbe til industri. Skogreisinga som her på Bonteit har skapt store verdiar i skogane, men det manglar ofte vegar for å få ut tømmeret. Difor har vi i løpet av dei siste åra dobla dei statlege løyvingane til skogsvegar og dette er noko vi vil satse på vidare».

Det største idrettsanlegget vi har
Leiaren i Fana IL Hans R. Dankertsen snakka varmt for fleirbruken av skogsvegane og sa m.a at utan desse vegane ville det stort sett vere umuleg å ta seg ut i naturen for mange menneske. Desse vegane er noko med det første små barna opplever når dei er på tur og her vandrar folk dagleg til dei er langt inn i pensjonistane sine rekker. Skogsvegane blir brukt til turgåing, jogging, sykling og ikkje minst skigåing om vintrane. «På sett og vis er dette det største idrettsanlegget vi har» sa Dankertsen med stor entusiasme. Og legg til at sjølvsagt føreset dette eit godt samarbeid mellom grunneigarar, skogsdrift og idrettsaktivitetar/ friluftsliv. Hornesmarka og Bontveitdalen i Fana er skogrike områder med godt utbygd skogsvegnett og svært gode eksempel kva ei aktiv næring kan bidra med i eit folkehelseperspektiv.

Eldsjeler og fagfolk må til
Leiaren i Bontveitdalen veglag Paul Særvold mottok blomster frå dei andre grunneigarene. Saman med vegplanleggjarane Tormod Jacobsen, Ove Frotvedt og Atle Almeland fekk han mykje skryt frå dei andre grunneigarane for å ha vore både gode fagfolk og eldsjeler over mange år. Utan desse personane hadde vegane aldri blitt bygd sa representantar for dei andre grunneigarane.
Det var fleire som ville nytte anledninga til å framheve kor viktig slike felles satsingar er i skogbruket.
Lars Peter Taule i Hordaland Bondelag gratulerte grunneigarane med det flotte veganlegget. Han understreka betydninga av levande bygder og rosa ministeren for satsinga på skogsvegane.
Hans Hordvik er grunneigar og leiar i eit veglag lenger nord i kommunen og understreka at denne type arbeid er krevande, det tek tid men det er tilsvarande givande når resultata kjem.

Bilda nedanfor
Bilde 1 (øverst): Lars Peter Taule i Hordaland Bondelag gratulerar skogeigarane med vegen.
Bilde 2: Hans Hordvik kjem frå eit anna veglag lenger nord i Bergen kommune og er ei stor eldsjel for skogbruk og skogsvegbygging.
Bilde 3:Sentrale personar innafor skognæringa i Hordaland. F.v Ove Frotvedt frå planfirmaet FanAgro som var ansvarleg for gjennomføringa av skogdagen på Bontveit og t.h Tormod Jacobsen som har jobba med skogbruk og skogsvegar i Bergen og Hordaland ein heil mannsalder.
Alle foto: Helge Kårstad