TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Tømmerkaia ved Molde blir opna av ministeren

Tømmerkaia ved Molde blir opna av ministeren

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug skal opne Malo Tømmerkai ved Molde tysdag 1. september. Eit spennande fagprogram følgjer opninga. "Me tek mot etterpåmeldingar" seier dagleg leiar Olav Witzøe i Malo Sagbruk AS.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 27.08.2015

Malo Tømmerkai ved Molde i Møre og Romsdal er forsterka og modernisert. Tysdag1. september skal landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opne tømmerkaia.
Foto: Olav Witzøe

Landbruks- og matminister Sylvi Lishuag skal opne Malo Tømmerkai tysdag 1. september. Programmet startar klokka 13.00 og det er lagt opp til eit kort skogfagleg program etter opninga.
M.a. vil nokon av planane for ny skogindustri i Møre og Romsdal bli presentert. Malo tømmerkai er ein av fleire viktige sjøterminalar i fjordfylket Møre og Romsdal. Det er heilt avgjerande for næringa å sikre desse stadene, utbetre dei og modernisere dei. Utbygging av ein moderne skogindustri i dette fylket vil knapt kunne basere seg på lokalt virke utan at desse tømmerkaiane kjem på plass. Malo er eit glimrande eksempel på at det let seg gjere. 
"Me gledar oss til dagen og tek mot etterpåmeldingar" seier dagleg leiar Olav Witzøe i Malo Sagbruk AS.

Program og info om påmelding her.