TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Nordic Wooden Cities besøkte Bergen

Nordic Wooden Cities besøkte Bergen

Nordic Wooden Cities er eit nordisk samarbeid for å fremje moderne byutvikling med trehus,utveksle erfaringar og gode idear. Denne veka møttest dei i Bergen og besøkte m.a. verdas høgaste trehus.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 29.05.2015

 
 
Øverst: F.v. Hans Andren (sentral i organisasjonen Nordiske Trebyer og frå Væxsjø, Tor Loftur Jonsson frå Høgskulen i Bergen, Johannes Lipphardt frå Orkdal og møteleiaren Steinar Anda frå Klimaseksjonen i Bergen kommune.
Midten: Steinar Anda framfor TubaKuba. Har du små barn kan du leige hytta som ligg med utsyn over heile Bergen. Men hytta er populær og det er lang ventetid.  
Nederst: Prosjektleiar Ole Kleppe i Bergen og Omegn Boligbyggelag viser stolt fram ein av dei første ferdige leilegheitene i Treet, verdas høgaste trehus. Legg merke til limtrebjelken frå Moelven Limtre.
Alle foto: Helge Kårstad  
 

I kystskogfylka er Trondheim, Orkdal og Bergen medlemer i Nordiske Trebyer. Utover dette er Elverum i Hedmark også medlem. Målet er å fremje moderne byutvikling med trehus og å utveksle erfaringar og gode idear. Av det følgjer at medlemskontigenten er relativt låg. "Det viktigaste er stor interesse og gjennomslagskraft for trebruk" sa Hans Andren frå Væxsjø i Sverige på møtet i Bergen i går.
Les meir om organisasjonen her:. http://www.nordicwoodencities.com/website4/1.0.4.0/19/1/index.php

I Bergen møtte representantar frå Væxsjø i Sverige , Orkdal og Bergen. Forutan Bergen kommune var det representantar frå Høgskulen i Bergen, Fylkesmannen, Trefokus og Bergen Arkitekthøgskule. På programmet stod m.a. besøk i TubaKuba, - ei klimahytte bygd av studentar frå Bergen Arkitekthøgskole. Les og høyr meir om hytta her: http://tubakuba.tumblr.com/

I regi av skogmannen Tor Loftur Jonsson ved Høgskulen i Bergen vart det servert ekte vestlandskost i lokala til Bergens Skog- og Træplantningsselskap under Fløyen. Det var også besøk i verdas høgaste trehus (leilegheiter) som reiser seg i Bergen. I november er huset ferdig til innflytting og prosjekleiar Ole Kleppe i Bergen og Omegn Boligbyggelag seier at det enno er ledige leilegheiter.
Les meir om Treet her: http://treetsameie.no/

Orkdal kommene satsar på meir bruk av tre
Johannes Lipphardt er kommuneingeniør i Orkdal og er hovudansvarleg for å følgje opp medlemskapet i Nordiske Trebyeer for Orkdal, - og med det bidra til meir trebruk både i Orkanger og resten av kommunen.
Han har tidlegare arbeidd innafor same prosjekt i Trondheim og seier at dette er blitt ei svært viktig sak innafor all bygningsplanlegging i Orkdal kommue.

Din by/ kommune kan bli medlem
Spørsmålet vårt er kva by/kommune i kystskogfylka som blir neste medlem ? Ta ein telefon til Hans Andren (0046(0)705298500 eller Eva Isager i Bergen kommune (55565703). Dei vil overbevise deg om at dette samarbeidet er heilt nødvendig for å utvikle bruken av tre i Norden.