TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Aida, Albert og Sivert vil satse på skogutdanning

Aida, Albert og Sivert vil satse på skogutdanning

Mære Landbruksskole melder om rekordsøknad til skogstudiet. Ikkje på 20 år har det vore større interesse for Vg2 studiet i skogbruk sier lærar Hallstein Berre. Les meir om kva elevane Aida, Albert og Sivert meiner om skogutdanninga.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 05.05.2015

Øverst: Både motorsag og lassberar er gode verktøy i skogen sier f.v. Sivert Andreas Nessmo, Aida Jenette Langø og Albert Hoffman.
Nederst: Hogstsimulatoren er eit godt verktøy for framtidas skogbrukarar.
"I love skog" sier f.v. Aida, Albert og Sivert og vil også framheve skognæringa sitt kompetanse og rekrutteringsprosjekt Velg Skog.
Alle foto: Hallstein Berre

Albert Hoffmann rosar Mære Landbruksskole for ei svært god markandsføring av skulen og skogstudiet over mange år. Sjølv vart han invitert til besøksdag på Mære, - eit møte som seinare resulterte i at han starta på Vg1 med profil skog. Albert er 17 år gammal, frå Steinkjer og har allereie bestemt seg for ei framtidig utdanning innafor skogbruket. «Det er også relativt mange verksemder innafor skognæringa både i Steinkjer og elles i Trøndelag så utsiktene til arbeid i nærområda burde vere gode» sier Albert.

Aida Jeanette Langø (17 år) er frå Verdal er enig med Albert. Sjølv hadde ho ingen bakgrunn innafor landbruket, ei heller skogbruket då ho starta på Vg1 med profil skogbruk i fjor. «Men dette har vore midt i blinken for meg, eg har alltid vore interessert i å vere ute i naturen og skulemiljøet her på Mære er i tillegg svært godt» seier Aida. Til hausten startar ho opp på Vg2 skogbruk saman med mange andre som pr. i dag har søkt opptak.

Sivert Andreas Nessemo (18 år) frå Verdal kan ikkje tenke seg noko anna enn ei utdanning innafor skogbruk. Han ser fram til eit yrke som hogstentreprenør i Trøndelag. «I første omgang er det aktuelt å få seg lærlingplass i eit eksisterande skogsfirma, så får tida vise» seier Nessemo. Han meinar det er eit svært godt miljø på Mære som idag rommar bortimot 160 elevar. «Og å jobbe ute i naturen har alltid vore interessert for meg» legg Sivert til.

Dette er ei gladmelding
«Dette er ei gladmelding» sier Hallstein Berre, lærar på skogstudiet ved Mære Landbrukskole.
«Ja vi må minst 20 år tilbake i tida for å finne tilsvarande interesse for skoglina her på Mære» legg Hallstein til.
Til Vg2 skogbruk som startar opp til hausten har vi i dag 18 søknader og dei aller fleste er frå Trøndelagsfylka. Vi får ein Vg2 skogklasse på ca 15 elevar. Hallstein trur ikkje minst at VELG SKOG, som er skognæringa sitt kompetanse- og rekrutteringsprosjekt, har betydd svært mykje.
«Dette er sjølvsagt viktig for Mære men også for heile skognæringa» avsluttar Hallstein Berre.