TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skogeigarar vil vite

Skogeigarar vil vite

Skogeigarar i Ørsta og Volda er frustrerte over at skogplantene ikkje overlever. No har leiaren i skogeigarlaget Olav Svein Aambøe i samråd med skogbruksjefen teke initiativ til eit arbeid for å kome til bunns i problematikken.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 15.06.2018

Leiar i Ørsta og Volda Skogeigarlag Olav Svein Aambøe (t.v) er opprørt over at det ikkje kjem opp ny skog etter hogst. Saman med sentrale skogfolk i kommune og fylke har han teke initiativ til ei grundig gransking for å finne svar. Vidare f.v skogbruksleiar i Allskog Andreas Furnes Fjærli, skogbruksleiar i Allskog Per Gunnar Sande, skogbruksjef i Ørsta og Volda Peder Magnussen, prosjektleiar Håkon Johan Eliassen og fylkesskogmeister Odd Løset.
Foto: Helge Kårstad

Skogreisingsplanen si vogge
Vi er er i Ørsta, skogreisingsplanen si vogge. For det var nettopp her den første skogreisingsplanen i Norge vart kommunalt handsama i 1950. Planen var utarbeidd av skogbrukssjef Hans Berg og vart seinare modellen for skogreisingsplanar i over 200 kommunar frå Vest- Agder til Finnmark.
Siste åra er store hogstar gjennomførte i i Ørsta, det er bygd fleire nye skogsvegar og nyleg vart ny tømmerkai opna. Men skogplantinga etter hogst og overlevinga av skogplantene er ikkje tilfredstillande. No vidarefører skogeigarane i Ørsta og Volda visjonane til Hans Berg og vil auke skogplantinga og samtidig finne ut kvifor så mange planter ikkje overlever.

Hans Berg kom til Ørsta i 1950 og allereie hausten same året la han fram den første skogreisingsplanen i landet for Ørsta heradstyre. Dåverande ordførar Kjeldseth Moe var også leiar i skogreisingstyret og ein sentral medspelar for Berg. Planen vart modellen for framtidige skogreisingsplaner i heile landet. Skoginspektør Waldemar Opsal sa at Ørsta-planen var den største hendinga i norsk skogreising sidan skipinga av Det norske Skogselskap i 1898.
Foto Møre Nytt. 1988

Ikkje nøgde med skogplantinga
Leiar i Ørsta og Volda Skogeierlag Olav Svein Aambøe har i samråd med skogbruksjef Peder Magnussen nyleg teke initiativ til eit større prosjekt for å finne ut finne ut kvifor skogplantinga ikkje blir følgd opp og kvifor så mange skogplanter dør ut etter planting. Olav framhevar at både Ørsta kommune, Volda kommune, Fylkesmannen og Allskog raskt har funne pengar til prosjektet som allereie er i full gang. Fylkesskogmeister Odd Løset sier at same tendens som i Ørsta ser ein mange stader i fylket, - ja også i andre fylker. Initiativet frå skogeigarane i Ørsta er difor svært gledeleg.

Prosjektleiar tilsett
Og det er ikkje kven som helst dei har funne til å leie arbeidet. Tidlegare skogbruksleiar i Allskog Håkon Johan Eliassen er tilsett i prosjektet. Nokon huskar kanskje også Eliassen som den første profesjonelle selgaren av motorsager i Norge, den gongen motorsaga heitte JOBU og fabrikken låg i Drøbak.
I første omgang skal det føretakast kontroll av tilstanden på utvalde plantefelt og det skal skiljast mellom felt med voksa og ikkje voksa planter. Det er skogbruksjef Peder Magnussen i samråd med skogbruksleiar Per Gunnar Sande i Allskog som vel ut felta. Innan kvart felt blir det lagt ut prøveflater, felta blir registrerte på GPS og alle planter blir fotograferte. Felta skal kontrollerast 3 gonger kvart år og ein skal såleis kunne fange opp endringar som skjer med plantene og venteleg kvifor det skjer.

Nyhogd granfelt med mange døde granplanter og i bakgrunnen Voldafjorden. I det elles så frodige og fleirbruksprega landskapet skimtar vi ferja mellom Volda og Folkestad. Dersom ikkje grana blir planta raskt etter hogst på desse høgbonitetane vi har langs kysten, vil primærarter som revebjelle, smyle, bringebær, bregne, bjørk og selje raskt overta og vi vil oppleve ei avskoging av barskogen. For skogeigar og verdikjeden skog eit meiningslaust stort tap for framtida.
Foto: Helge Kårstad

Resultata kjem
Prosjektleiaren har allereie rapport til styret om førebels interessante funn.
Generelt ser det ut som voksa planter vernar godt mot snutebiller. Men her er også registrert felt med voksa planter der det er mykje døde og/ eller sterkt reduserte planter. Ved å gjere registeringar fleire gonger, vil ein også sjå i kva grad reduserte planter overlever og gjerne kvifor. Det er også registrert felt med for få utsette planter. Sjølve plantearbeidet ser ut til å ha vore godt utført, - likevel med nokon systematiske skilnader mellom ulike personar som har planta.
Meir skal vi ikkje gå inn på dette no. Prosjektet vil følgje utviklinga vidare og registrere tilstanden på fleire plantefelt. Målet er at ein allereie neste plantesesong kan dra nytte av ein del konklusjonar.

Inga forsikringsordning
Olav Svein Aambøe seier tilslutt at enkelte skogeigarar har lidd store økonomiske tap på grunn av stor planteavgang etter planting. Det er i dag inga forsikringsordning som dekkjer dette. Aambøe presiserar at også dette er noko prosjektet vil ta opp. Det er ikkje til å leve med at skogegiarar taper så store beløp som har vore tilfelle enkelte stader i Ørsta og Volda utan å vite kvifor. I alle fall vil neppe desse skogeigarar våge å satse vidare på skogbruk dersom ikkje ein finn gode svar.

Ein av landet sine flottaste tømmerkaiar vart nyleg opna av landbruks- og matminister Jon Georg Dale som opphaveleg kjem frå Volda. Han sa m.a. at skogeigarane i kystskogfylka måtte satse på å plante skog i framtida. Leiaren i skogeigarlaget Olav Svein Aambøe kvitterte med å rose ministeren for å satse på betre infrastrukur i skogbruket i landet og lova at skogeigarane i Ørsta og Volda skulle følgje opp.
Foto: Helge Kårstad