TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Gran nord for Salten og på Vestlandet

Gran nord for Salten og på Vestlandet

Statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet seier i dag til avisa Firda at det ikkje er aktuelt med eit forbod mot granplanting nord for Salten og på Vestlandet.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 05.06.2018

Statssekretær Atle Hamar (innfelt) i Klima- og Miljødepartementet seier idag til avisa Firda at det ikkje er aktuelt med forbod mot granplanting på Vestlandet og nord for Salten.
Foto av landskap: Helge Kårstad
Foto av Atle Hamar: Snorre Tønset

I eit oppslag i avisa Firda 5. juni seier prosjektleiar Helge Kårstad i Skognæring Kyst at det ikkje vil vere ansvarleg å bygge tømmerkai i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane dersom klima- og miljøminister Ola Elvestuen sine utsagn om forbod mot planting av gran og sitkagran på Vestlandet og nord for Saltfjellet blir gjennomførte. Bakgrunnen var uttalelsar Elvestuen nyleg kom med til NRK Nordland og bladet Norsk Skogbruk.
- «Vi har ikkje tenkt å avvikle skogbruket nord for Salten eller på Vestlandet. Hogg plantefelta og plant dei ut att. Det er ikkje planer om å fjerne stadeigen naturleg vestlandsgran» uttaler statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet til avisa Firda i dag. Hamar seier vidare at det ikkje er aktuelt med eit forbod mot granplanting nord for Salten og på Vestlandet.

Rettar opp inntrykket
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen prøver også å rette opp inntrykket han har skapt siste tida. I ei pressemelding den 5. juni understrekar han at partiet Venstre ikkje vil avvikle skogbruket nord for Salten og på Vestlandet. Det skal både kunne plantast og hoggast i desse områda. Det er også vist til Jeløyplattforma der det er sagt at ein vil «videreføre arbeidet med kostnadseffektive klimatiltak som planting av stedegen skog». Til slutt skriv Elvestuen at han ynskjer ein god dialog og involvering frå norsk skogbruk framover.

Då sit vi også igjen med inntrykk av at Venstre meinar at norsk gran er stadeigen gran på Vestlandet og i Nord-Norge. Vi håpar at Elvestuen held fast ved dette i framtida. Bruk av stadeigne produksjonstreslag som norsk gran, furu, sitkagran og lutzigran er svært viktige for skogbruket i Norge.

Oppslag om tømmerkai i Dalsfjorden her
Uttale frå statssekretær Atle Hamar her
Pressemelding får klima- og miljøminister Ola Elvestuen her