TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Jon Georg Dale opnar Ørsta Tømmerkai

Jon Georg Dale opnar Ørsta Tømmerkai

Mandag 4. juni vil landbruks- og matminister Jon Georg Dale stå for den offisielle opninga av Ørsta Tømmerkai i Møre og Romsdal. Alle er velkomne.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.05.2018

Mandag 4. juni kl.13.30 vil landbruks- og matminister Jonn Georg Dale (innfelt) opne Ørsta Tømmerkai. Biletet frå Ørsta er teke 10. desember 2017 og viser at pelinga er nett ferdig. På mandag er også dekket m.m. ferdigstilt. Du er velkommen til opninga !
Foto: Helge Kårstad

Tømmeret frå Møre sjøvegen til Trøndelag
Sintef-rapporten «Transport av skogvirke i kyststrøk» (2011) prioriterte bygging av ein tømmerkai i Volda som er nabokommunen til Ørsta. I ettertid vart det vurdert ulike løysinger i begge kommunane og den einaste aktuelle plassering vart til slutt i tilknytning til Ørstaterminalen i Ørsta kommune.
Ørsta kommune søkte Landbruksdirektoratet om investeringsstøtte fleire ganger og fekk til slutt (2016) ei løyving på 12,5 mill. kroner av ei total kostnadsramme på 17 millionar kroner.
Ørstaterminalen er ein fleirbruksterminal og tømmerkaien utgjer ei forlenging av terminalen på 85 meter. Dette vil gi ei total lengde for kaifronten ved Ørstaterminalen på ca. 180 meter og vil gi mykje rom for sambruk. I dag blir det skipa ut ca. 30 000 kubikkmeter tømmer frå kommunene Ørsta og Volda og dette vil auke til årlig ca. 45 000 kubikkmeter fram til 2040. Stadig meir av tømmeret frå Møre og Romsdal har gått sjøvegen til skogindustri i Trøndelag og vil venteleg gjere det også i framtida.

Første skogreisingsplanen i Ørsta
Mandag 4. juni er landbruks- og matminister Jon Georg Dale tilstades når Ørsta Tømmerkai skal opnast. Dale kjem på eit vis heim igjen til sine eigne denne dagen sidan han er frå Dalsfjorden i Volda. Og han vidarefører og stadfestar det viktige og langsiktige arbeidet som Hans Berg frå Ørsta starta i 1950. Då fekk Berg utarbeid og godkjent den første skogreisingsplanen i Norge som seinare vart eit førebilete for skogreisingsplanar i dei fleste kommunar frå Vest-Agder til Finnmark. Dei første tømmerlassa etter Berg sin skogreisingsplan er allereie frakta over terminalen i Ørsta.

Alle er velkomne til Ørsta på mandag
Næringsjef i Ørsta Odd Magen Vinjevoll seier at det er venta godt veir i Ørsta denne mandagen. Det vil bli eit kort program på tømmerkaien, ein matbit og alle interesserte er velkomne !

Sjå og pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/dale-apner-orsta-tommerkai/id2602924/