TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/NORSKOG etablert på Vestlandet

NORSKOG etablert på Vestlandet

Kristine Jacobsen fra Fana i Bergen er første tilsette i NORSKOG på Vestlandet. Det er på mange vis eit tidsskille når dei store skogeigarane sin interesseorganisasjon frå 1950 også etablerar seg vestanfor Langfjella.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 28.05.2018

Kristine Jacobsen frå Fana i Bergen er første tilsette i Norskog på Vestlandet. Kristine er utdanna jurist og skal hjelpe skogeigarar på Vestlandet med å få gode avtaler kring frivilleg vern av skogareal.
Alle foto: Helge Kårstad

Eit tidsskille
Sidan starten i 1950 har Norskog vore medlemsorganisasjonen til skogeigarar med mykje skog, hovudsakleg på Austlandet. Konkurrerande føretak har vore Norges Skogeierforbund som vart etablert allereie i 1913 og har i dag 6 andelslag, derav AT Skog, Vestskog og Allskog i kystskogfylka.
I 1998 etablerte Norskog dotterselskapet Nortømmer for å reindyrke tømmeromsetning. Nortømmer har siste 10 åra etablert seg stadig sterkare på Vestlandet og har ein relativt sterk posisjon i marknaden i Hordaland. At Norskog no tilset Kristine Jacobsen med kontorstad på Vestlandet er på sett og vis naturleg, men synleggjer samtidig eit tidsskille for utviklinga av ei skognæring på Vestlandet.

Arbeide med Frivilleg vern
Vi møter Kristine Jacobsen under årsmøtet til Hordaland Skognæringsforum i Bergen. Og det er ingen kven som helst Norskog har tilsett. Kristine er dotter til Tormod Jacobsen, tidlegare skogbruksjef i Bergen og også ein av dei mest erfarne skogsvegplanleggarane i Norge. Og det er tydeleg at Kristine har lært mykje om skogbruk under oppveksten. Men Kristine er utdanna jurist og skal som tilsett arbeide i en delt stilling mellom Nortømmer og Norskog. I Norskog skal Kristine mellom anna arbeide med å få på plass gode avtaler med skogeigarar som ynskjer frivilleg vern av skog.

«Det må være litt penger i det»
Kristine fortel at det det venteleg blir mange besøk hos skogeigarar framover og at ho gledar seg til jobben. Så har du vanskeleg tilgjengeleg skog, langt frå veg og gjerne frodige områder med edellauvskog og du vil «selje» denne skogteigen til staten, er det berre å ta kontakt. På spørsmål til Kristine om det er godt betalt svarar ho kontant med eit smil; -"Det må selvsagt være litt penger i det og vi vil hjelpe skogeieren for å oppnå nettopp det"

Leiar i Hordaland Skognæringsforum Vidar Jordre ynskjer Norskog sin nye tilsette på Vestlandet velkommen, her under utferda ved årsmøtet til forumet no i mai. Jørdre er også skogsjef i Vestskog som til dagleg konkurrerar med Norskog/ Nortømmer. Jørdre understreka at konkurranse er til beste for skogeigarane og syner samtidig ei næring i stadig utvikling.

10% i Jeløy-plattforma
Yngve Holth er leiar for konsulentavdelinga i Norskog. Han fortel at etter konfliktfylte og lite framdriftsretta fredningsprosessar på 80- og 90-talet lykkast det til slutt skogeigarorganisasjonane samen med myndighetene å etablere ordningar for frivilleg vern. Etter århundreskiftet har dette blitt svært populært. Holth fortel vidare: - «I praksis blir prosessen et samarbeid mellom skogeiere og myndigheter der skogeieren selv foreslår areal som er egna til fredning etter naturmangfoldloven. Ordningen har i ettertid vært en stor suksess. Prosesskostnader er vesentlig reduserte og konfliktene er nærmes fjernet. Og i tillegg har det vist seg at ordningen gir gode naturfaglige løsninger».
Yngve Holth seier til slutt at ordninga for frivilleg vern også har synt si styrke ved at ein har makta å følgje opp stadig større løyvingar til fredning. I Jeløya-plattformen er det også formulert at regjeringa vil «verne 10 prosent av skogen gjennom privat frivillig vern og vern av offentleg eigde skogareal.