Tok det opp med ministeren
Under landsmøtet i helga forsikra fylkesleiar i Hordaland FrP Gustav Bahus seg om at landbruks- og matminister Jon Georg Dale hadde motteke ynskje frå Skognæringa Kyst om å medverke til ei fjerning av flaskehalsar på kommunevegar frå skog til industri eller tømmerkai.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 02.05.2018
Inntil 80% av kommunevegane i fleire av kystskogfylka er så dårlege at det berre er tillete å køyre tømmer med enkel lastebil og ikkje vogntog. Gustav Bahus (innfelt t.h) er fylkesleiar i Hordaland FrP og snakka om dette med landbruks. og matminister Jon Georg Dale (innfelt t.v) under landsmøtet i helga. Innfelt foto: Privat Andre foto: Helge Kårstad |
Gustav Bahus frå Os i Hordaland er fylkesleiar i Hordaland FrP, og har ved fleire høve teke opp dårleg infrastruktur for skogbruket med sentrale personar i parti og regjering. Dette gjeld både skogsvegar og tømmerkaiar. Som kjent har dette gjeve svært gode resultat dei siste åra.
Seinast under landsmøtet til FrP på Gardermoen denne helga, minna han landbruks- og matminister Jon Georg Dale om dei særdeles dårlege kommunevegane i kystskogfylka og ikkje minst i Hordaland. Bahus fekk forsikring av ministeren om at Skognæringa Kyst sitt innspel til statsbudsjett 2019 om å opne for eit tilskot som kan fjerne flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar var motteke. (Sjå m.a. oppslag her dagsett 24.04.18)
Bahus seier at ministeren hadde merka seg innspelet og lova å sjå nærare på det.
Kipping kostar både for skogeigar og tømmertransportør
Gustav Bahus møtte tømmertransportør Tor Ove Nesheim frå Hardanger Skog under ein transport i Fana idag (sjå biletet under). Nesheim kunne fortelje at dårlege kommunevegar møter han nærast dagleg, og det føregår følgjeleg stadig kipping (transport av små lass). Dette kostar skogeigar pengar (kring 30 kr pr. kubikkmeter), men det kostar også tømmertransportøren ekstra pengar. Underteikna har snakka med mange tømmertransportørar i kystskogfylka, og alle stadfestar at gjeldane tariff heller ikkje dekkar opp kippekostnadane som stadig aukar i omfang og i takt med hogstauken frå skogreisingskogen.
Dagleg leiar i Hardanger Skog Erik Nesheim fortel at firmaet årleg transporterar kring 80 000 kubikkmeter tømmer i Hordaland fylke. Han sier at at kommunevegane i tillegg til lengdeavgrensingar også har redusert aksellast. - "Svært ofte er denne vegen registrert i veglista som ein BK8 veg, og der kan vi berre lesse 2 kubikkmeter tømmer på enkel bil. Kipping kan føre til svært mange ekstraturar for å lesse opp eit fullt vogntog på inntil 27 kubikkmeter tømmer på god veg (BKT8/19,5 meter) fram til industri eller tømmerkai. Ei ordning med eit tilskot til å fjerne flaskehalsar på kommunevegar ville vere utløysande for ei storsatsing på ein betre infrastruktur i mange bygder. Det vil også vere miljømessig svært gunstig" - avsluttar Erik Nesheim på telefon frå Hardanger.
Tømmertransportør Tor Ove Nesheim (t.h) i Hardanger Skog fortel Gustav Bahus om dårlege kommunevegar som fører til at han ofte må køyre reduserte lass som tømmerbilen i bakgrunnen syner. Sjølv transporterar han årleg kring 25 000 kubikkmeter tømmer i Nordhordland, og ser fram til at flaskehalsane ein gong blir fjerna. - "Dei møter oss kvar dag" - seier Tor Ove. |