TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Me er svært nøgde med fjøset i massivtre

Me er svært nøgde med fjøset i massivtre

Hausten 2014 skreiv vi at Rogaland Massivtre starta bygging av eit fjøs i Suldal. Dyra har no flytta inn i fjøset og eigarane Arve Aarhus og Anette Fjellhaugen er svært nøgde.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 19.04.2015

Øverst: Arve Aarhus og Anette Fjellhaugen ved det nye fjøset i Kvilldal/ Suldal i Rogaland
Under: Ammekyr og spelsau har no flytta inn i det nye fjøset og stortrivest.
Nederst: Bygget fell naturleg inn i det andre bygningsmiljøet på garden. Den gamle driftsbygningen til høgre er under rastaurering. Denne er svært gammal og her kan du m.a. sjå øksehogge laft.
Alle foto: Helge Kårstad

Den 7 okt. 2014 skreiv vi om planane for eit nytt fjøs i Suldal her på nettsida: http://www.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=591  
Rogaland Massivtre har no bygd det 460 m2 store fjøset som rommar ammekyr og spelsau. Eigarane Arve Aarhus og Anette Fjellhaugen fortel at inneklima er den store vinnaren, - dette slår positivt ut både for dyre og dei som arbeider i fjøset. Det har også vore vesentleg å velje tre for å få ei mest mogeleg tilpassing til dei andre husa på garden. "Ja me er svært nøgde med fjøset og på sett og vis har det oppfylt alle forventningae me hadde" legg dei til.

Klare for nye oppdrag
Svein Kjetil Rønnevik i Rogaland Massivtre fortel at den nyutviklla jiggen som skrur og pressar massivtre-elementa fungerte svært godt. Både gran (Picea Abies) og sitkagran (Picea sitchensis) er godt eigna til dette føremålet. Vanlegvis nyttar ein C14 kvalitet, - dette er lågaste kvalitet på skurlast (jfr. Norsk Standard) og dette gir likevel det beste resultatet. "Jiggen og pressa har gitt snorrette massivtre-element" seier Rønnevik og legg til at no er firmaet klare til nye oppdrag. 

Ein positiv CO2 effekt
Vi vil legge til at regjeringa sitt hovudmål er at Norge skal bli karbonnøytralt innan 2030.
Byggeprosjektet til eigarane Aarhus/ Fjellhaugen og Rogaland Massivtre i Suldal er direkte svar på dette målet. For auka bruk av tre vil bidra til ein reduksjon av CO2-tilførsel til atmosfæren. CO2 blir bunde i trea gjennom fotosyntesen og vidare lagra i treverket. Byggematerialar av tre krev generelt lite fossil energi i fremstillingsprosessen (sagbruket). I tillegg er dette snakk om trematerialer frå lokale skogeigarar (kortreiste) og difor ikkje importerte og langveis transporterte på vegar. Dette gir i sum ein positiv CO2-effekt.