TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Sylvi Listhaug opnar tømmerkaien på Kaupanger

Sylvi Listhaug opnar tømmerkaien på Kaupanger

23 mars opnar Landbruks-og matminister Sylvi Listhaug den nye tømmerkaia på Kaupanger i Sogn og Fjordane. På programmet står også innlegg frå toppleiinga i Moelven Industrier og Ilim Nordic Timber, Wismar. Du er også Velkommen!

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.02.2015

Nye Kaupanger Tømmerkai i Sogn og Fjordane pr. dags dato.
23 mars vil Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opne tømmerkaia.
Foto; Helge Kårstad

Kaupanger tømmerkai er den sentrale tømmerkaien for indre Sogn i Sogn og Fjordane fylke.
I mars 2015 vert utbygginga av kaifronten ved Kaupanger tømmerkai ferdigstilt. Prosjektet er delvis finansiert av midlar til tømmerkaiar over LMD sitt budsjett, og mogleggjer ein meir rasjonell og kostnadseffektiv logistikk av tømmer over kaifronten.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opnar nye Kaupanger tømmerkai måndag 23.03.15 kl 10.30 på kaifronten i Amlabukti i Kaupanger, Sogndal kommune.

Toppleiinga frå Moleven Industrier og Ilim Nordic Timber er også representert 
Etter opninga på kaien vert det lagt opp til ei mottaking, mat og møte om realiseringa av skogreisinga i Sogn og Fjordane, - med utgangspunkt i tømmer- og trelastmarknaden som vestlandstømmeret er ein del av.
Landbruks-og matminister Sylvi Listhaug vil halde eit innlegg under tittelen; "Utbygging av vegar og kaier i kystskogfylka, - visjonar for framtida".
Adm.dir Carsten Doehring frå Ilim Nordic Timber i Wismar/ Tyskland vil snakke om Europeisk trelastindustri og tømmermarknaden for vestlandsvirket.
Adm. dir Morten Kristiansen frå Moleven Industrier vil snakke om vestlandsvirket som del av norsk trelastindustri.
Til slutt vil Carlos Myrebøe frå Treteknsik institutt snakke om "Mogelegheitstudiet for treforbrukande industri i Sogn og Fjordane.  

Du er velkommen !
Program og info om påmelding her;
Engelsk utgåve her: