TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Møte om skogsdrift i bratt terreng

Møte om skogsdrift i bratt terreng

Denne veka møtte Skognæringa Kyst, Norsk Taubanelag og Mjøsen Skog SA representantar for Landbruks-og matdepartementet og Landbruksdirektoratet. Tema var taubaner og tilskot til skogsdrift i bratt terreng

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.02.2015

Frå Norsk Taubanelag sitt årsmøte hausten 2014, Gausdal i Lillehammer
Foto; Helge Kårstad

Norsk Taubanelag tok hausten 2014 kontakt med Skognæringa Kyst og uttrykte ei uro kring rammevilkåra for skogsdrift i bratt terreng. Uroa vart bekrefta når Landbruksdirektoratet i sitt fullmaktsbrev til fylkesmennene 15.01.15 skriv følgjande; «Tilskot til taubane og drift har auka mykje dei siste åra og fylkesmannen skal sørgje for at andelen til desse tilskota reduserast».

Ta vare på taubanemiljøet
I møtet denne veka vart det gitt ei oppdatering om dagens situasjon for skogsdrift i bratt terreng. I tillegg vart rammevillkåra diskuterte.
Møtet var svært nyttig. Frå fleire hald vart det framheva at det er skapt eit stadig betre taubanemiljø i Norge siste åra. Taubanekonsulenteten i regi av Kystskogbruket har ikkje minst bidrege til dette. Det vil såleis vere svært viktig å ta vare på dette profesjonelle miljøet. Det er svært mykje bratt terreng (over 50% helling) i fleire fylker og saman med ei forsert skogsbilvegbygging vil denne driftsmåten bli viktig også i framtida. I mange bygder er tømmer frå det bratte terrenget viktig for lokal skogindustri og det gir ei stor verdiskaping. Skognæringa Kyst gav uttrykk for at tilskotet er heilt avgjerande inntil at skogsvegnettet er utbygd og tilrår framover å prioritere tilskotet som eit reint taubanetilskot.

Også når det gjeld forsking og utvikling innafor skogsdrift i bratt terreng har det skjedd mykje bra siste åra. Bedrifta Owren AS på Vingrom i Oppland er einaste taubaneprodusent som er igjen i Norge og bidreg stadig med utviklingsoppgåver i nært samarbeid med Skog og Landskap.