TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Søk om statstilskot til tømmerkaier i år

Søk om statstilskot til tømmerkaier i år

1. april er søknadsfrist for statstilskot til tømmerkaier. Og har du søkt før, må du gi melding til Landbruksdirektoratet dersom søknaden/ prosjektskissa står ved lag. Men oppdater gjerne søknaden.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.01.2015

Landbruks- og matminster Sylvi Listhaug har blitt ein forkjempar for betre infrastruktur i skogbruket, her ved tømmerkaia på Malo ved Molde. 
Denne tømmerkaia fekk statleg løyving til opprusting i 2014. Arbeidet vil bli gjennomført i 2015.
Dagleg leiar ved Malo, Olav Erik Witzøe (t.h) seier at investeringa er heilt avgjerande for at dei i det heile kan satse vidare på tømmerutskiping frå kaia på Malo.
Foto; Helge Kårstad

Regjeringa løyvde som kjent 22.4 millionar kroner til tømmerkaier i 2015.
Det har vore svært stor etterspørsel etter statstilskot til tømmerkaier, etter at dei første løyvingane kom i revidert statsbudsjett 2012. Hittil er det løyvd kring 99 millionar kroner som statstilskot til tømmerkaier. Etter reglane kan det ytast inntil 80 % statstilskot til gode prosjekt.

Felles arbeid i Kystskogbruket vil føre fram
I kystskogfylka er det hittil gitt statstilskot til tømmerkaier i Mosjøen, Namsos, Molde, Skodje, Sogndal, Lindås, Vindafjord og Mandal.  Men svært mange står i kø, og det blir viktig å halde oppe trua på at felles arbeid i Kystskogbruket kan føre fram. Og her er store vinstar for alle partar dersom alle aktuelle tømmerkaier blir utbygd.  Rasjonelle kaier vil som oftast bidra til ein reduksjon i transportkostnader mellom 10 og 50 kroner pr. kubikkmeter eller i storleiksorden inntil 30 % av totale og gjennomsnittlege transportkostnader. I andre tilfelle vil ei kailøysing i seg sjølv føre til at skogsvirket er salgbart, - dette hovudsakleg der det ikkje fins lokal skogindustri.

Alle interersserte bør søkje i år
Løyvinga på 22.4 millionar kroner i 2015 løyser berre ein liten del av behovet.
Vi vil herved oppfordre alle interesserte til å søkje/ oppdatere søknad/ prosjektskisser om statstilskot innan fristen 1. april 2015. Grunnen er rett og slett at det no også er politisk vilje til å satse meir på tømmerkaier. Vi veit frå før at det er stor intersse for å investere i mange kommunar. Statsbudsjettet 2016 er i støypeskeia og difor må du vise interesse NO.
Les meir om søknadsprosedyrar her;
https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/tommerkaier