TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Uklart omfang av stormfelling etter Nina.

Uklart omfang av stormfelling etter Nina.

Fylkesmennene i dei mest utsette fylka etter stormen "Nina" arbeider no med å få oversikt over skadar på skogen. Så langt ser det ut som det var Hordaland som fekk hardast medfart.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 13.01.2015

Skogeigarar bes om å rapportere skadar til kommunen, slik at Fylkesmannen kan få til ei samla oversikt. Samstundes  oppmodas alle som har kjennskap til stormskadar etter stormen om å ta kontakt med kommunen, sidan det finnest mange skogeigarar som ikkje bur i nærleiken av eigedomen sin.

Kommunane ynskjer informasjon om geografisk område, og gjerne eit anslag på areal og volum. Dette er viktig informasjon når opprydding etter stormen skal planleggast. 

Kystskogbruket vil understreke kommunane og Fylkesmannen si åtvaring om at hogst av vindfall er risikofylt arbeid, som krev spesialkompetanse.

Det er difor viktig at skogeigarar søkjer profesjonell rettleiing eller leiger inn profesjonelle aktørar for dette arbeidet, slik at  ulykker og  personskadar vert unngått.

    Foto: Jan Ivar Rødland, Leiar i Skognæringa Kyst    

 Relevante lenker: