Ei taubane utan barduner
"Unik skogsmaskin i bratt terreng" skriv NRK Sogn og Fjordane i dag. "Ei maskin som har alt "seier taubaneentreprenør Torbjørn Frivik. Dette er ein av 2 bardunfrie taubaner som nyleg er kome til Norge.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.12.2014
Bardunfire taubaner er raske å montere og samtidig svært mobile. Det står mykje gammal skog i bratt tereng i Norge og taubaneentreprenør Torbjørn Frivik seier at så langt er dette nye og fleksible taubaneutstyret frå Zøggeler i Østerrike svært lovande. Foto; Helge Kårstad |
Akutt mangel på skogsvegar og store behov for taubaner
Hovudplanane for skogsvegar viser at det er ein akutt og stor mangel på skogsvegar i kystskogfylka.
Hogsten er jamt aukande, det er samtidig mykje gammal skog i bratt terreng og behovet for taubaner er tilsvarande aukande. Men framdrift av tømmer med taubaner er krevande. Eit dagleg og viktig mål er å sikre eit godt arbeidsmiljø, eit godt resultat og samtidig oppnå kutt i driftskostnader. Dette krev meir skogsvegar, god tilrettelegging, stadig betre kompetanse og godt eigna utstyr. Østerrike har lange tradisjonar kring skogsdrift i bratt terreng og er på mange vis eit føregangsland også når det gjeld utvikling, produksjon og drift av taubaneutstyr.
Den einaste i verda
Taubaneentreprenør Torbjørn Frivik har nyleg henta ei bardunfri taubane frå Østerrike. Taubana av merke Zøggeler står på ei hjulgåande gravemaskin (Doosan 210) og har også påmontert kvisteaggregat istadenfor gravearm. Kvisteaggregatet fungerar også som støttebein og sikrar den bardunfrie bana når tømmeret blir vinsja inn. "Den einaste i verda som har alt" sier Frivik. I desse dagar går maskina i Jølster i Sogn og Fjordane og Frivik seier at så langt er resultata lovande. Skog og Landskap er kopla inn for å følgje opp med tids- og metodestudiar.
Skogbruksleiar for Sunnfjord-regionen i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Torgrim Østgård seier at det er eit relativt stort behov for taubaner og pr. idag har han sikra drift i fylket for denne maskina eit halvt år framover.
Sjå videoopptak frå NRK Sogn og Fjordane her:
http://www.nrk.no/sognogfjordane/unik-skogsmaskin-i-bratt-terreng-1.12066238
Sjå og denne videoen på Youtube der m.a. tidlegare Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Veum snakkar om skogsdrift og behovet for skogsvegar, taubaner og tømmerkaier: http://www.youtube.com/watch?v=mbe07SxCFvk