TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Det var nok betong over Puddefjorden

Det var nok betong over Puddefjorden

Vi skulle bygge ei høgblokk ved ei betongbru over Puddefjorden. Vi ville skape noko nytt, noko berekraftig, noko som passa i landskapet. Valet fall på det fornybare og klimavenlege råstoffet tre sier prosjektsjef Ole Herbrand Kleppe i Bergen og Omegn Boligbyggelag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 27.11.2014

Prosjektsjef Ole Herbrand Kleppe i Bergen og Omegn Boligbyggelag framfor Treet. Huset blir ca 50 meter høgt og skal stå ferdig hausten 2015. Legg merke til betongbrua over Puddefjorden i bakgrunnen.
Foto; Helge Kårstad

Prosjektsjef Ol Herbrand Kleppe i Bergen og omegn Boligbyggelag (BOB) står bak bygging av verdas høgste boligblokk i tre. Huset heiter Treet i Damsgårdsundet ved Puddefjorden, det er  ca 50 meter høgt, rommar 53 leilegheiter og skal stå ferdig hausten 2015.
BOB er eit av dei største boligbyggelag i landet (60 000 medlemer) og det største på Vestlandet.
"Det starta med at vi fikk tilgang til tomta ved betongbrua over Puddefjorden. Vi skulle bygge ei boligblokk, den måtte bli høg på grunn av brua. Vi ville skape noko nytt og berekraftig, noko som passa inn i landskapet og valet fall heilt naturleg på eit bygg i tre. Men utfordringane har vore mange" seier Kleppe og legg: "Utan god bistand i startfasen frå Åge Bremer i Innovasjon Norge og seinare Moelven Limtre hadde det ikkje vore muleg å gjennomføre prosjektet". Moelven leverar også alt av berekonstruksjonar i limtre og ei bedrift frå Østerrike leverar massivtre-element.
"I dag ser vi at dette samarbeidet har bore frukter, - byggeprosessen går effektivt og montasjane passar som hand i hanske. Ja det  har også vore svært stor interesse for prosjektet" legg Kleppe til.
Meir info om byggeprosessen her:;http://www.bob.no/index.php?mapping=14&kategori_nr=107&nyhet=7420

Kanskje ei høgblokk i tre i Førde
Kva så vidare ? blir det fleire slike høge trehus i Bergen og omegn ?.
«Som pilotprosjekt blir dette noko dyrare enn om vi bygde i betong. Det er også slik at kunden vel ut frå pris og ikkje om konstruksjonen er tre eller betong. Men trehus vil alltid stå sentralt i ein by som Bergen, så målet er klart å vinne erfaringar for å utvikle dette konseptet vidare» seier Kleppe.
BOB omfattar også Førde i Sogn og Fjordane. Kleppe har fått med seg at det er mykje «flathus» i Førde og legg til: "Kanskje vi skal bygge ei høgblokk i tre i Førde ?»