TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Senterpartiet vil også investere meir i skognæringa

Senterpartiet vil også investere meir i skognæringa

Senterpartiet la fram sitt alternative statsbudsjett 2015 denne veka og satsar 130 millionar kroner ekstra til sentrale skognæringstiltak. Fylkestingspolitikar og tidlegare ordførar i Vindafjord kommune i Rogaland Arne Bergsvåg (SP) kjenner skognæringa betre enn nokon og seier dette er ei bevisst og langsiktig satsing frå Senterpartiet si side.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 19.11.2014

Fylkestingspolitikar (Senterpartiet) og tidlegare ordførar i Vindafjord kommune i Rogaland, Arne Bergsvåg (innfelt bilde) seier at partiet vil satse 130 millionar kroner ekstra på sentrale skogbrukstiltak i 2015,  m.a. til tømmerkaier. Bildet er frå Søndanåneset i Vindafjord som nyleg har fått statlege tilskot til å utvide tømmerkaia. Arbeidet er venta å starte innan sommaren 2015.
Foto; Helge Kårstad   

Senterpartiet har mange av dei same forslaga som både KrF og Arbeiderpartiet har føreslege i sine alternative statsbudsjett for skogsektoren. Kystskogfylka har dei siste åra påpeika det store etterslepet kring skogsvegbygging og viser til trong for ei firedobling av aktiviteten i 20 år framover jamført med åra fram til 2012. I tillegg er det dokumentert eit stort og akutt behov for utbygging av tømmerkaier, - inntil 60 hamner/kaiar til ein totalkostnad kring 300 mill kroner (kronerverdi 2011).
Senterpartiet har m.a. føreslege ein auke på 20 millionar kroner til infrastrukturtiltak (kapittel 1149/71), vidare 50 millionar kroner ekstra til auka bruk av tre, 30 millionar kroner ekstra til skog, klima og energitiltak og 30 millionar kroner til energi-flisordninga.
Fylkestingspolitikar (SP) Arne Bergsvåg frå Rogaland seier at dette er svært viktige tiltak for skognæringa langs kysten. "Det er også eit resultat av mangeårig felles arbeid for skognæringa i kystskogfylke grunna på Kystskogmeldinga som kom i 2008", legg Bergsvåg til. 

Du kan lese meir om Senterpartiet sitt alternative statsbudsjett for 2015 her. Legg merke til at kronebeløpa i dei ulike kapittel (frå side 81) er endringar i høve Prop 1S eller regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. http://www.senterpartiet.no/getfile.php/Bildegalleri/Fellesfiler/SP%20-%20ALTBUD2015%20-%20ENDELIG.pdf