Formidabel innsats frå Kystskogbruket over mange år
Departementsråd Leif Forsell: Kystskogbruket har gjort ein formidabel innsats over mange år for å setje søkjelys på verdiane frå skogbruket langs kysten
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 25.10.2014
![]() |
Øverst; Departementsråd Leif Forsell og fylkesskomeister Merete Larsmon Nederst; Frå venstre Torkel Hofseth, Karin Weichert, Gro Follo, Veronika Seim Bech og Magnus Mo, alle sentrale i Kystskogbruket/ Feiosprosjektet og deltakarar på møtet i Loen |
![]() |
Departementsråd Leif Forsell vitja denne veka kommunane i Sogn og Fjordane i regi av Fylkesmannen si landbruksavdeling. På møtet i Loen resenterte han endringar i landbrukspolitikken og kva rolle kommunane skal ha framover. Departementsråden sa m.a. at Kystskogbruket har gjort ein formidabel innsats over mange år for å setje søkelys på verdiane frå skogbruket langs kysten. Det har gjort at regjeringa i statsbudsjettet for 2015 har auka midlane til mellom anna infrastruktur i skogbruket.
Skog-koordinatorar og planbehov
Skogbruk = skogeigarsamarbeid, sa Gro Follo, forskar og sosialantropolog frå norsk senter for Bygdeforskning, og presenterte fakta frå forsking omkring nettopp skogeigarsamarbeid. Ho understrekar at for å lukkast med langsiktig verdiskaping i skogbruket må ein bringe skogfagleg kompetanse så nærme skogeigaren som mogleg. Det er avgjerande med ein nøytral skogkoordinator i marknadssamanheng.
Torkel Hofseth, fylkesskogmeister i Sogn og Fjordane forklarte kvifor vestlandsliene er så godt eigna til produksjon av tømmer. Det er nok nedbør og rikelig med næring. Han begrunna på ein glimrande måte kvifor det er naudsynt å tenkje strategisk driftsplanleggjing, som videreutvikling av dagens skogbruksplanlegging.