TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Nyttar skogen i Lofoten og Vesterålen

Nyttar skogen i Lofoten og Vesterålen

Eit skoglaust landskap i store deler av Nord-Norge etter krigen førte til ei sterk interesse for å plante skog og skape verdiar. Stadig fleire får i dag auga opp for denne ressursen som etterkvart er hoggande. Ein av desse er gryndar og skogentusiast Trygve Strøm Brenna frå Gravdal i Lofoten

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 23.11.2017

Kva kledning er dette? Ja riktig, - det er kortreist sitkagran (picea sitchensis), skore på Gjerstad sag på Gravdal i Lofoten der Trygve Strøm Brenna er sentral medarbeidar. Så er det nytta beis av tjæralin og skal vi tru Trygve vil denne kledningen gjerne stå til neste hundreårskifte.
Alle foto; Helge Kårstad

Furu frå Dividalen
«Mellom regn og snøbygene driver vi å koser oss på saga» får eg opp på eposten min ein mandag morgon i november. Meldinga kjem frå Trygve Strøm Brenna, Gravdal i Lofoten. Og saga er Gjerstad Sag i Gravdal som han driv saman med Helge Forsbakk. Siste veka har dei skore spesialtømmer av 200 år gammal furu som skal nyttast til reparasjon av treskøyter ved Patentslipen på Ballstad. Trygve fortel vidare at dette er handhogd furu frå Dividal i Indre Troms. – «Maskinhogd tømmer har for mykje klemskade til dette føremålet. Difor må vi kjøpe tømmer hos gardbrukarar som har skog og høgg den sjølv. Dette kostar sjølvsagt litt pengar, men så er også kvaliteten topp» seier Trygve.

Øverst: Pause på saga.Frå venster Trygve Strøm Brenna, tradisjonshandverkar Kjell Arne Sivertsen og Helge Forsbakk som er eigar av Gjerstad Sag. 
Nederst: Patenslipen på Ballstad i Lofoten. Frå Gjerstad sag går det mykje trevirke til reparering av treskøyter.

Sitkagran og lutsigran populært til restaurering
Eg vitja Trygve heime i Gravdal sist vinter og minnest at han skrytte svært over kvaliteten på sitkagran (picea sitchensis) og lutzigran (picea glauca × sitchensis), som er hogge i Lofoten dei siste åra og som han har skore mykje av på saga. Når eg etter å ha motteke eposten ringer Trygve fortel han at dei har hatt mykje å gjere på saga denne hausten. – «Ja det går mest i spesielle dimensjonar av sitka og lutsi til restaurering av eldre bygningar på fiskeværa i Lofoten. Dette er dimensjonar som du aldri får kjøpt i byggvareforretningar lenger. Men vi har også levert kledning av sitka til nye hus».
Trygve fortel entusiastisk om ein franskmann med utdanning innan tradisjonshandverk i Amerika som har busett seg i Lofoten og som nyleg har bygd eit amerikansk tømmerhus. Ramma i huset er laga av furu og resten av materialane er sitkagran. Også kledningen er av sitkagran og alt er skore på Gjerstadsaga. Beisa med tjæralin blir dette både vakkert og varig og passar inn i det særeigne og vakre landskapet i Lofoten som hand i hanske.
Trygve fortel vidare om Øystein Lyngmo i Laukvika som har investert i bandsag og saman med sonen produserar trelast av sitkagran til restaurering av spesielt gamle hus og fiskevær i Henningsvær. Og om Frikk Harald Bjerki i Borg i Lofoten som lagar vikingskip og som har også produsert nordlandsbåtar av sitkagran, sjå også reportasje her 03.05.12.

Kurt Hågensen, tilsett ved Vestvågøy Asvo på Leknes er møbelsnekker som har utvikla ein blomsterkasse etter modell av ein nordlandsbåt. Genialt ! 

Vestvågøy Asvo nyttar mykje trevirke
Trygve Brenna var også sentral då Vestvågøy Asvo vart oppretta for kring 35 år sidan. Etterpå var han styreleiar ved bedrifta i 25 år.
Dette er ei Vekst Bedrift med føremål å skaffe varig tilrettelagt arbeid til mennesker som av ulike grunner er ute av det ordinære arbeidsliv. Bedrifta tilrettelegg også arbeidspraksis i skjerma verksemd. Trygve fortel at heilt sidan starten har det meste av produksjonen vore basert både på lokalt råstoff og lokalt sal. Og ikkje minst har trevirke av ulikt slag vore sentralt. Bedrifta har også avdelingar i Moskenes og på Røst og har totalt ca. 50 tilsette.
Du kan lese meir om Vestvågøy Asvo her: http://www.vvasvo.no/

Rorbukrakk som skal til Henningsvær. Produsent Vestvågøy Asvo.
Om du får lyst å setje deg nedpå er du ikkje åleine.  

Trehus, trebryggjer og bryggehotell av trevirke
Eldsjeler som Trygve Brenna er grunnen til at eg og fleire med meg finn arbeidet i skogbruket meiningsfullt og er mykje av grunnen til at vi er blitt skogbrukarar på heiltid.
Ja vi har eit tips til dykk alle; reis til Lofoten og Vesterålen og opplev landets flottaste bygder og fiskevær med trehus, trebryggjer og bryggehotell av tre. Det tidlegare skoglause landskapet i nord har på grunn av skogreisisnga etter krigen gitt mulegheiter for å ta vare på den særeigne og berkraftige byggeskikken ved hjelp av kortreiste materialar. Vi som lever lenger sør har i så måte mykje å lære.

Trehus, trebryggjer og bryggehotell i tre finn du overalt i Lofoten og Vesterålen. Her frå Å i Lofoten.