TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Sterk satsing på tømmerkaiar og skogsvegar i statsbudsjettet 2018

Sterk satsing på tømmerkaiar og skogsvegar i statsbudsjettet 2018

Regjeringa har sett av heile 92 millionar kroner til tømmerkaiar og skogsvegar over kapittel 1149 i statsbudsjettet for 2018. Rekordløyvinga frå 2016 og over dette kapitlet var 107 millionar kroner. Regjeringa følgjer difor opp Kystskogbruket sine innspel om å prioritere ei fortsatt satsing på tømmerkaiar og skogsvegar.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.10.2017

Under opninga av Eikefjord Tømmerkai i sommar lova både finansminister Siv Jensen og landbruksminister Jon Georg Dale å følgje opp satsinga på tømmerkaier og skogsvegar. Dei held lovnaden !
I dag gjorde finansministeren framlegg om heile 92 millionar kroner til dette føremålet. Det er også heilt i tråd med innspela frå Kystskogbruket om fortsatt å prioritere infrastrukturen i skogbruket.
Foto: Helge Kårstad

Tømmerkaier og skogsvegar i ordinært statsbudsjett 2018
I statsbudsjettet 2018 (kapittel 1149, post 71) er det sett av heile 92,3 millionar kroner til tømmerkaiar og skogsvegar. Løyvinga er ca.15 millionar kroner mindre enn i 2016 som var ei rekordløyving og der 75 millionar kroner gjekk til tømmerkaiar og 32 millionar kroner til skogsvegar.
Fordelinga mellom midlar til tømmerkaiar og skogsvegar er enno ikkje gjort i statsbudsjettet 2018, og vil etter det vi kjenner til bli teke stilling til noko seinare i haust.

Skogsvegar også i jordbruksavtalen 2018
I jordbruksavtalen for 2018 (kapittel 1150 i statsbudsjettet 2018) er tilskot til skogbruk auka frå 214 til 222 millionar kroner.
For 2017 gjekk 103 millionar kroner til skogsvegar, og det er venta at det vil bli minst like høgt for 2018. Fordelinga av midlane i Jordbruksavtalen for 2018 vil bli gjort innan utgangen av november månad.

 
Orkanger tømmerkai vil venteleg bli ein av søkjarane dersom framlegget frå regjeringa på 92 millionar kroner for 2018 til tømmerkaiar og skogsvegar blir godkjent av Stortinget.
Frå venstre spesialrådgjevar Ole Bakke i Allskog, driftsleiar Bjørn Steinshaug og teknisk sjef Geir-Ole Sumstad ved Trondheim havn, avd. Orkanger.
Foto: Helge Kårstad

Også satsing på skog-, klima og energitiltak
For 2017 vart det endeleg løyvd 39,9 millionar kroner over kapittel 1149, post 73 til skog-, klima og energitiltak. Dette gjeld tettare planting, gjødsling, frøproduksjon og skogplanteforedling. For 2018 har regjeringa føreslege å auke denne løyvinga til 48,899 millionar kroner og til same føremål.

Trebasert Innovasjosprogram går ut
Frå 2017 er føremålet til dette programmmet føreslege vidareført i ei større bioøkonomiordning under Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa gjer difor ikkje framlegg om eiga løyving til dette føremålet over LMD sitt budsjett for 2018.

Utviklingsfondet for skogbruk
For 2017 blei det endeleg løyvd 3,670 millionar kroner til Utviklingsfondet for skogbruk som har i oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innafor skogbruket. For 2018 har regjeringa føreslege ei løyving på 3,530 millionar kroner.