TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Miljøvenlege produkt frå Huntonit AS laga av lokalt råstoff

Miljøvenlege produkt frå Huntonit AS laga av lokalt råstoff

Huntonit AS i Vennesla i Vest-Agder produserar harde trefiberplater til byggemarkedet i Norge. "Me brukar lokalt virke hovudsakleg frå Agder-fylka og dei ferdige miljøvenlege platene består av reint trevirke" sier tømmersjef Olav Eikeland

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 25.09.2014

Øverst; Tømmersjef Olav Eikeland ved Huntonitt AS i Vennesla reklamerar gjerne for miljøvenlege trefiberplater (her 9 mm undergolv) som er laga av lokalt råstoff frå Agder-fylka.
Nederst; Tømmerlageret ligg på fabrikkområdet til Huntonit AS og består hovudsakleg av furu. Legg merke til hjullastaren (Svetruck) som med 12 kubikkmeter i løftet (ca eit halvt billass) lossar tømmerbilen i løpet av få minuttar. 
Alle foto: Helge Kårstad

Huntonit AS i Vennesla kommune i Vest-Agder vart bygd opp på slutten av 1940 talet og den 12. mai 1950 produserte Huntonit si første trefiberplate. Huntonit er idag ein del av Byggma Group og dei produserar ubehandla og ferdigmala vegg, golv - og takplater til byggmarkedet i Norge. I dag har bedrifta konsesjon på inntil 60 000 tonn trefiberplater pr. år og sysselset kring 175 personar. Lokalt blir Huntonit omtala som "Wallboarden" fordi fabrikken tidligere heitte Norsk Wallboard AS. Ein kan også seie at Huntonit AS representerer norsk industrireising etter 2. verdenskrig og er den dag i dag ei hjørnesteinsbedrift i Vennesla kommune.
Meir om Byggma group her; http://www.byggma.no/

Lokalt råstoff og eit miljøvenleg produkt
Tømmersjef Olav Eikeland fortel at råstoffet er ca 50 000 kubikkmeter furu massevirke og det utgjer tilsaman kring 60% av forbruket. Kring 35 % av råstoffet kjem frå flis (industriflis frå sagbruk og flis frå hunved) og til slutt kring 5 % av råstoffet frå spon/ kutterspon frå trebearebeidande industri.  Industriflisa kjem frå  ANS Byglandsfjord sag i Aust-Agder, Eikås sag i Eiken i Vest-Agder og Bergene Holm (tidlegare Nidarå Trelast) i Åmli/ Aust Agder.
Omrekna utgjer råstoffforbruket i 2014 kring 90 000 kubikkmeter tømmer. "Dette virket er hovudsakleg frå Agder-fylka og må seiast å vere ein nokså krotreist og lokal virkestilgang. Og i tillegg er produkta trefiberplater som kun inneheld treet sine naturlege stoff og det avgir såleis ingen skadelege stoff, med andre ord eit svært miljøvenleg materiale " sier Eikeland.
Vi kan leggje til at det fins få liknande "store" skogindustri-bedrifter i Norge med så stor grad av verdiskaping på ein og same stad (frå tømmer til ferdig produkt til kunde) og basert på lokalt virke.  

Behov for opprusting og nyanlegg av skogsbilvegar
Olav Eikeland understrekar at tilgangen på lokalt råstoff har vore ein stor styrke for bedrifta i alle år. Og det er ikkje minst eit viktig element for den framtidige drifta ved Huntonit As. "Ja vi er litt bekymra for tilgangen på furu frå Agder-fylka og håpar at opprusting og bygging av nye skogsbilvegar blir intensivert" seier Eikeland.
Fylkesskogmeister Ole Stabekk i Vest-Agder seier at det no pågår eit hovudplanarbeid for skogsbilvega ri fylket. Pr. i dag har ca 60% av kommunane registrert eksisterande skogbilvegar på digitale kart. Berre 2 kommunar (Mandal og Lindesnes) har planlagt framtidige skogsbilvegar. Stabekk legg til grunn at resten av kommuane i fylket vil ha gjennomført arbeidet med planlegging/ opprusting av framtidige skogsbilvegar i løpet av vinteren 2014/15.

Flis av furu på veg inn i fabrikken for defibrillering/ oppmaling og tilsetjing av vatn.
Fibermassen av furu metta med vatn blir kutta (platelengder) ved hjelp av vannstråle. Neste steg er press under oppvarming/ reduksjon av vassinnhald og det skjer i fleire trinn.
Olav Eikeland med ferdig malt veggpanel, lasert "symfoni" klar til sal i butikk/ kunde.
Alle foto; Helge Kårstad