TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ei eventyrleg teknisk utvikling

Ei eventyrleg teknisk utvikling

Det har vore ei eventyrleg teknisk utvikling innan trebearbeidande industri i Norge seier Peder Gjerdrum som har ca. 30 år fartstid bak seg i trelastbransjen. I dag arbeider han som forskar ved Skog og Landskap på Ås.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.09.2014

Peder Gjerdrum ved Skog og Landskap har mykje skogteknologisk kompetanse og erfaring frå  trelastindustrien. Her demonstrerar han kvifor 12 tommar faspanel (dobbelfalsa) av sitkagran stiller store krav til rett høvelsutstyr.
Foto; Helge Kårstad

Vi møter forskar Peder Gjerdrum ved Skog og Landskap si avdeling på Fanaflaten 4 i Bergen der han er innom nokre dagar i august. Gjerdrum har tidlegare m.a arbeidd ved Norske Skog si avdeling på Soknabruket, idag Moelven Soknabruket. "Det har vore ei fantastisk teknisk utvikling innan sagbruksindustrein" sier Gjerdrum og registrerar samtidig at meir og meir av sagtømmeret frå Norge går til utlandet for vidareforedling. "Kvar blir det så av den tekniske sagbrukskompetansen og kven treng den treteknologiske kompetansen ?" legg Gjedrum til.

Kystskogbruket er i ei særstilling i Norge ved at skogeisingsgrana etter kvart er hogstmoden. Virkeskvantuma er relativt store og kvaliteten blir godt motteke i skogindustrien både i Norge og elles i Europa. Det er også eit faktum at avstandar for eksport kan bli lange, - f.eks frå Nordland til industrien andre stader i Europa. På denne nettsida kan du lese meir om eit av verdas største sagbruk som rosar skogreisingsgrana kvalitetsmessig. Du kan også lese om mindre norske bedrifter som har funne si nisje, - alt frå sagbruk, båtbyggjarar til vindus- og massivtre-fabrikkar. Og du kan lese om møte i Tromsø i forrige veke der folk flest vil ha meir lokal foredling av skogsvirket.

"Når eg køyrer langs kysten ser eg mange småsagbruk og anna trebearbeidande industri. Der fins det mykje sagbruksteknisk og treteknologisk kompetanse enno" sier Gjerdrum.
Og det er nettopp denne kompetansen Gjerdrum er oppteken av. Ulike treslag har m.a. ulik krav til eggvinkel ved høvling av trelast, dette gjeld ikkje minst sitkagran. Andre viktige parametrar ved høvling er f.eks. eggen sin hardheit, kvistsetting og kvisteigenskapar, motved, komprimering av fibrar, kuttarslag, vridd og deformert ved.
Du kan lese meir om høvling her;

Norske småsagbruk som Solberg Sagbruk på Osterøy etterspør treteknologisk kompetanse
Tekniske foredlings-løysingar kopla til trevirket sine eigenskapar er noko som Solberg Sagbruk på Osterøy ved Bergen har erfart. Bedrifta tel i dag 5 tilsette, den vart etablert i 2004 og dei har jobba seg opp frå nær sagt ingenting. Dagleg leiar Pål Solberg fortel at styrken deira er at trelasta er lokalprodusert og at dei kan handtere ulike treslag og ikkje minst levere god kvaltiet på lasta. Høvle-eigenskapar til trevirket er ikkje minst viktig. Solberg har erfart at nettopp høvling av ung sitkagran er ei utfordring på grunn av den harde friske kvisten i overgangen til rein ved. Dette krev utstyr som handterar hard kvist og mindre hard ved og kompetanse som her representert ved Gjerdrum kan bli heilt avgjerande" seier Solberg. Og ikkje minst er det viktig kunnskap at sitkagrana bør stå lenger før hogst, sannsynleg minst 100 år. "Då får du eit eventyrleg flott og kvistreint virke som overgår grana" legg Solberg til.
Du kan lese meir om Solberg Sagbruk her; http://solbergsagbruk.no/
Du kan lese meir om norske småsagbruk her: http://www.sag.no/

Høvling av 12 tommar dobbelfalsa panel av sitkagran ved Solberg Sagbruk på Osterøy.
Dette er eksempel på eit av svært mange treslag som blir foredla ved dette sagbruket.
Foto; Solberg Sagbruk