Kvifor må det koste hundre ganger meir ?
Statens Vegvesen oppgir normale byggekostnader for ein vanleg 2-felts veg (6,5 m breidde) mellom 60 og 90 000 kroner pr. meter. Ein skogsbilveg kostar knapt 1000 kroner pr. meter eller inntil hundre ganger mindre.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.08.2014
![]() |
Skogsbilvegar i kystskogfylka kostar inntil hundre ganger mindre pr. meter å byggje enn ein vanleg 2-felts offentleg veg. Over: Skogeigar Eirik Morken i Verdal i Nord-Trøndelag har nyleg bygd ein slik skogsbilveg (Innleggvegen i Verdal). Under: Skogeigarar i Orrtua Veilag i Fana/ Hordaland har nyleg bygd ein tilsvarande rimeleg skogsbilveg Alle foto; Helge Kårstad |
![]() |
I ein fersk reportasje i AT.no (nettstad for maskin og transportteknikk) oppgir Vegdirektoratet normale kostnader for dei vanlegaste offentlege vegane. For ein 2-felts veg (vegbreidde 6,5 meter er kostnaden mellom 50 og 90 000 kroner pr. meter veg.
Plan- og byggherrekostnader er ikkje teke med i desse kostnadane, ei heller tilpasningar til lokalt vegnett, bruer og tunnellar.
Ein skogsbilveg i kystskogfylka kostar i underkant av 1000 kroner meteren, - dvs. inntil HUNDRE ganger mindre. Dette er ein særdeles stor skilnad !
Største skilnaden på desse 2 vegtypane er vegbreidda og asfaltering. Det er også ein del skilnader i krav til kornstørrelsar, tjukkelse på berelag og toppdekke men einheitsprisane pr. kubikkmeter av denne type massar er i beste fall innafor ei dobling. Ei fleire-dobling eller inntil ei ti-dobling i meterkostnad vil ikkje få ein vegkyndig skogbrukar til å reagere, - men inntil ei hundre-dobling er vanskeleg å forstå.
Er det slik at marknaden for offentlege vegar er betre enn marknaden for å byggje skogsbilvegar,
dvs. er byggherren for dei offentlege vegane jamt over betalar meir ? Eller er det fordi nøkternheit er meir rådane i skognæringa ? Ja kanskje nokon kunne finne ut dette.
Du kan lese heile reportasjen på AT-no her: http://www.at.no/index.php?option=com_k2&view=item&id=7045%3Asa-mye-koster-det-a-bygge-en-meter-vei