TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Virkesterminaler i Kystskogbruket. Rapport 2013

Virkesterminaler i Kystskogbruket. Rapport 2013

Kystskogbruket tok initiativet til Sintef-rapporten "Transport av skogsvirke i Kyststrøk" i 2010 og oppfølgjinga gjennom prosjektet "Virkesterminaler i Kystskogbruket" i 2013. Det føreligg no ein rapport for prosjektarbeidet i 2013

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.07.2014

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (t.v) har uttalt at ho vil satse på ei utbygging av tømmerkaier, - her saman med dagleg leiar Olav Erik Witzøe i Malo Sagbruk som eig tømmerkaia på Malo ved Molde i Møre og Romsdal. Denne tømmerkaia er av dei siste som har fått eit statleg investeringstilskot til utbygging og arbeidet vil starte opp i september. Du kan lese meir om dette i rapporten.

Kystskogmeldinga (2008) peika høge transportkostnader for skogsvirke i kystskogfylka og trongen for auka fokus dette.
Sintef-rapporten "Transport av skogsvirke i kyststrøk" (2011) konkluderte med at 60 hamner langs kysten måtte byggast/ utbetrast for å sikre ein rasjonell tømmertransport i framtida.
Som ein del av oppfølgjinga av rapporten etablerte Kystskogbruket i 2013 eit eige prosjekt.
Prosjektet fekk namnet "Virkesterminaler i Kystskogbruket" og det føreligg no ein rapport for første perioden 01.01.13-31.03.14. I ettertid er prosjektet vidareført, - i første omgang i eit år framover.
Skognæringa Kyst er prosjekteigar og det er etablert eit eige prosjektstyre under leiing av fylkesskogjsef Harald Nymoen. Prosjektleiar har heile tida vore Helge Kårstad.

Rapporten omtalar m.a. pilotprosjektet Drag i Tysfjord, vidare dei 5 første prosjekta som fekk statleg investeringstilskot frå Landbruksdirektoratet og til slutt dei siste kaiprosjekta som kom med i 2014.Erfaringar kring planprosessar er omtale ikkje minst er utfordringar kring gode bruksavtaler teke med i rapporten.
Du kan lese meir frå rapporten her eller under "Dokumenter denne nettsida.