TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skognæringa Kyst på besøk i Bodø

Skognæringa Kyst på besøk i Bodø

Styret i Skognæringa Kyst ynskjer å gjere seg kjend med regionen, og legg styremøta sine på forskjellige stader i kystskogregionen. I førre veke var dei på besøk i Bodø.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 10.06.2014

Siste styremøte i Skognæringa Kyst vart møtet lagd til Bodø. Her fikk styret møte Skognæringsforum Nordland for felles synfaring på idrettshall i massivtre som er under oppføring ved Bodø vidaregåande skule.I tillegg var det sett av tid til informasjon omkring arbeidet i Skognæringsforum Nordland, med samtalar og erfaringsutveksling frå det næringspolitiske arbeidet som blir gjort i kystskogbruket.

Prosjektleiar Joakim Dørum frå Green Avisers AS har planlagd og prosjektert bygget, som er ein kombinasjon av kassettar med massivtre og limtre bærekonstruksjonar. Det går med 700 kmb med massivtre, samt ca 300 kmb anna trevarer, panel og trelast i bygget.

Byggherre er Bodø kommune i samarbeid med Nordland fylkeskommune. Prismessig kjem dette bygget gunstigare ut enn tilsvarande bygg i stål og betong. Ein av årsakene er at modulane delvis kan byggast på staden.


Elementproduksjonen har føregått to stader i Bodø, resten er sett saman på Oppdal. Det vert brukt element i vegg, golv, tak og grunnmur, men sjølve armeringa i fundamentet er prefabrikkert. Systemet er ein del av byggesystemet Green Building System.

Dette er ikkje det første massitrebygget i Bodø. I fjor haust kunne Coop Exstra Bodø opne i nye butikklokale i massivtre, også prosjektert av Green Advisers AS. Her er til og med vindauginnramming og dører produsert i tre, spesialbestilt hos Snekkeriet på Verdal. Snekkeriet fekk elles, saman med Moeleven, prisen for mest innovative trebedrift for 2013, tildelt av minister Sylvi Listhaug under konferansen Skog og Tre på Gardermoen i slutten av mai.