TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Styrkjer Granvin som senter for skogindustri på Vestlandet

Styrkjer Granvin som senter for skogindustri på Vestlandet

Denne veka kunngjorde landbruks- og matminister Jon Georg Dale at tømmerkaien som er planlagt bygd i Granvin vil få eit investeringstilskot på 21 millionar kroner. Kaien vil dekke utskiping av tømmer frå kommunane Voss, Granvin og Ulvik. Saman med sagbruket Moelven Granvin Bruk vil denne utskipingskaien styrkje Granvin som senter for skogindustri på Vestlandet.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.09.2017

Stor stas då "skogminister" Jon Georg Dale under skogdagen i Ølve denne veka fortalde at han hadde løyvd 21 millionar kroner til utbygging av tømmerkaien i Granvin. Fv.leiar i Hordaland FrP Gustav Bahus, leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland, dagleg leiar ved Moelven Granvin Bruk Ørjan Mikal Kalsaas, "skogministeren" og ordførar i Granvin Ingebjørg Winjum.

Ein tømmerkai for utskiping av virke
Sist veke var landbruks- og matminister Jon Georg Dale på skogdag i Ølve. Noko overraskande kunne han også fortelje at tømmerkaien i Granvin vil få 21 millionar kroner til utbygging av ein ny 80 meter kaifront. Det er Moelven Granvin Bruk som eig arealet som er stilt til disposisjon til ein tømmerkai for utskiping av tømmer/ skogsvirke som ikkje blir foredla ved sagbruket.

Styrkjer Granvin som senter for skogindustri
Dagleg leiar Ørjan Mikal Kalsaas ved Moelven Granvin Bruk sier at dette er gledeleg for skogbruket i regionen og styrkjer næringa ved at logistikk og terminalkostnader for tømmeret kan reduserast ved denne nye tømmerkaien. Ved sida av tømmeret som blir foredla ved sagbruket, viser utrekingar at inntil 75 000 m3 tømmer vil gå over kaien i åra som kjem. Med andre ord mellom dei største omsetningstala ved tømmerkaiane på Vestlandet. Saman med sagbruket vil denne tømmerkaien følgjeleg styrkje Granvin som senter for skogindustri på Vestlandet.
Arbeidet vil venteleg starte opp ved årsskiftet og bør kunne stå ferdig i løpet av 2018.

Hogg og plant ny skog
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale viste under skogdagen til at denne regjeringa har satsa stort på å betre infrastrukturen i skogbruket. Berre i 2017 er det totalt til disposisjon 75 millionar kroner til tømmerkaiar.
- «No er det opp til næringa sjølv å hogge skogen, skape lønsemd og plante ny skog» sa Dale mellom anna til dei svært mange frammøtte på skogdagen i Ølve.
Det er venta at det vil bli gjort kjent kva andre prosjekt som har fått løyving i 2017 med det første.

Utbygging av ein tømmerkai for utskiping av skogsvirke som ikkje blir foredla ved sagbruket vil styrkje Granvin som senter for skogindustri på Vestlandet.