TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Mandal Tømmerkai i rute

Mandal Tømmerkai i rute

Arbeidet med tømmerkaia i Mandal er i rute og ordførar Alf Erik Andersen seier at den etter planen skal vere ferdig 1. november. Med ei lengde på 120 meter blir dette ein av dei største tømmerkaiane i Norge og med eit årleg utskipingskvantum inntil 200 000 kubikkmeter tømmer.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.07.2017

Ordførar Alf Erik Andersen (bakerst), varaordførar Ingvild Wetrhus Thorsvik og styreleiar i Tømmerkaier AS Hans Stusvik forsikrar at den nye tømmerkaien i Strømsvika utanfor Mandal sentrum vil vere ferdig ca. 1 november 2017. I bakkant framkippa tømmer til eksisterande utskiping på Gismerøya.
Alle Foto: Helge Kårstad 

Ferdig 1. november
Under ei nyleg synfaring til den nye tømmerkaia i Mandal kunne ordførar Alf Erik Andersen og styreleiar Hans Stusvik i selskapet Tømmerkaier As opplyse at arbeidet går greit og tømmerkaia skal etter planen vere ferdig ca. 1. november. Då skal 120 meter kaifront vere klar og totalkostnaden er på ca. 70 millionar kroner der skogdelen utgjer kring 40%. Resten er finansiert av Mandal Havn KF og kommuane i Lindesnesregionen (Mandal, Lindesnes, Marnardal, Audnedal og Åseral).

Øverst: Kartutsnitt som viser trafikkåra gjennom sentrumsområder til dagens utskipingstad på Gismerøya og det nye hamneområdet i Strømsvika (raud ring) som fører til at tungtrafikken vil gå frå E39 og over FV 203 utanom sentrumsområder i Mandal by.
Nederst: Slik ser det ut i Strømsvika idag, - tømmerkaien vil kome til venstre i bildet.

Tungtrafikken uanfor byen og betre lønsemd for skogeigar
Dagens hamn i Mandal (på Gismerøya) er den viktigaste hamna for utskiping av tømmer i Vest-Agder med eit årleg kvantum i underkant av 200 000 kubikkmeter tømmer. Denne hamna ligg sentralt i Mandal og fører til at mykje av denne tungtrafikken går gjennom sentrumsområder i Mandal by. Tømmeret må også kippast fram frå baklager og dette kostar skogeigaren unødige kroner.
Den nye tømmerkaien er første byggjetrinn i det nye hamneområdet i Strømsvika som med dette fjernar mykje av tungtrafikken gjennom sentrumsområder i Mandal by. Ordføraren legg ikkje skjul på at dette er ei svært stor og gledeleg sak for Mandal by og sjølvsagt ei viktig sak for skognæringa i heile Lindesnesregionen. Med 120 meter kaifront vil mykje av tømmeret i framtida kunne lessast direkte på kaifront og føre til lågare terminalkostander. Betre og smidigare logistikk over kai kan fort dreie som om 10-20 kroner pr. kubikkmeter meir i fortjeneste til skogeigar.

Store potensial for auka hogst
Etter Landskogstakseringa sine målingar er den årlege tilveksten i Vest-Agder ca. 800.000 m3 tømmer. Det årlege balansekvantumet eller det som årleg kan hoggast er vurdert å vere ca. 460.000 m3 tømmer. Årlig hogst i Vest-Agder har vore aukande siste åra, og har lege i underkant av 300 000 m3 tømmer. I tillegg er det naturleg å sjå føre seg at deler av tømmeret frå tilgrensa områder lenger aust i Agder også vil bli skipa ut over den nye tømmerkaia i Strømsvika, - slik det også blir gjort i dag.
Skognæringa i Lindesnesregioen har i innspel til søknaden sagt at dersom ein i framtida skal klare å utnytte ressursane i skogen, er det helt avgjerende med eit effektivt og godt planlagt vegnett og gode hamner og vidare: – « Med en sterk utvikling i retning av færre og større aktører innenfor treforedling i Nord-Europa blir sjøtransport stadig mer aktuelt, og det er grunn til å tru at denne utviklingen bare vil fortsette. Mandal havn er volummessig en av de viktigste tømmerutskipningshavnene i landet, med de store skogene i Indre Agder som oppland. Det vil si at godt over halvparten av avvirkningen i Vest-Agder gikk over Mandal havn i 2015. Det er sannsynlig at dette kvantumet vil øke ytterligere i årene som kommer».

Sikrar framtidig bruksrett og akseptabel kaileige
Det må leggast til at Mandal Havn KF vil sikre skogeigarane i definerte kommunar bruksrett til tømmerkaien ved å tinglyse ei erklæring om dette på kaieigar sitt bruksnummer. Den tinglyste erklæringa inneheld også eit punkt som fortel at kaileiga i framtida skal gjenspeile at det er gitt statlege tilskot til tømmerkaia med føremål utskiping av tømmer.
Tilsvarande tinglyste avtaler er no gjort ved alle utbyggingar av tømmerkaiar langs kysten som blir vesentleg finansiert med statlege tilskot. Desse tinglyste avtalane er svært verdfulle, og sikrar skogeigarane mulegheit for sjøtransport av tømmer til konkurransedyktige prisar i nær sagt all framtid.

Arbeidet ved den nye tømmerkaien i Strømsvika i Mandal går for fullt. No ventar montering av dekke og opparbeiding av bakareal og vegtilkomst. Kostnadsramma er 70 millionar kroner. Mandal Havn KS, kommunane i Lindesnesregionen og Landbruksdirektoratet sikrar investeringa.