TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Inviterar til fest i Eikefjord

Inviterar til fest i Eikefjord

Mandag 29. mai inviterar Flora Skogeigarlag til fest i Eikefjord. Finansminister Siv Jensen skal saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale opne Eikefjord Tømmerkai ved hjelp av ein godt brukt svans. Og Henrik Falck frå Blue Forest vil fortelje om planane for ny skogindustri på Vestlandet. Du er også Velkommen !

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 11.05.2017

Gunnvar Seljeseth og Anne-Karin Kleiven Rynning i Flora Skogeiarlag testar svansen som statsrådane Siv Jensen og Jon Georg Dale skal bruke når dei opnar Eikefjord Tømmerkai 29. mai. Svansen har tidlegare vore mykje nytta til å hogge furutømmer på Seljeseth og Gunnvar lovar nye skaft av beinved (kristtorn) til opninga.
Foto: Helge Kårstad 

Ein kvart milliard kroner til tømmerkaiar
Denne regjeringa har satsa mykje på å bygge ut infrastrukturen i kystskogfylka. Det er såleis ikkje utan grunn at både finansminister Siv Jensen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale kjem til Eikefjord 29. mai og opnar Eikefjord Tømmerkai.
Sidan 2013 har staten stilt opp med bortimot ein kvart milliard kroner til utbygging av tømmerkaiar. Dette gjeld ca. 20 anlegg frå Drammen til Lenvik i Troms. I Eikefjord er tømmerkaien utvida til ca. 100 meter kaifront og totalkostnaden er kring 18 millionar kroner. Utvidinga reduserar logistikk- og terminalkostnader. Denne investeringa vil venteleg gi ein årleg vinst inntil 2 millionar kroner for skogeigarane i dekningsområdet til denne kaien.

Det er optimisme i skognæringa
Det er optimisme i skognæringa i kystskogfylka i dag.
Dei infrastrukturelle rammevilkåra når det gjeld skogsvegar og tømmerkaiar er på god veg til å bli betra. Men enno gjenstår det mykje når det gjeld flaskehalsar for tømmertransporten på offentlege vegar.
Skognæringa er i dag svært oppteken av å få opp meir nasjonal skogindustri. Og det er for tida planar om både ny og utviding av skogindustri fleire stader i landet.

Blue Forest
Kjem du Eikefjord 29. mai, vil du også få høyre om planar for ny skogindustri på Vestlandet. Dette gjeld eit skogindustri-skip i regi av selskapet Blue Forest, der det kan bli produsert skurlast på dekk og sukker til kraftfor for husdyr under dekk. Produktet til kraftfor blir no testa ut av Glommen Skog i samarbeid med Fiskå Mølle.  

Alle er Velkomne til Eikefjord 29. mai
Det er svært gledeleg at begge statsrådane vitjar skognæringa på Vestlandet og det er sjølvsagt venta mykje folk denne dagen. Du er også Velkommen !
Program og påmelding HER

Tømmer på veg frå tømmerkai på Vestlandet til skogindustri i Trøndelag.
Foto: Helge Kårstad