TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Line Henriette Hjemdal opna Søndenåneset tømmerkai

Line Henriette Hjemdal opna Søndenåneset tømmerkai

Når tømmerstokken er hogstmoden og har størst verdi, må den hoggast og transporterast til industri. Det er då skogsdrifta heng saman med samferdselspolitikk sa stortingsreperesentant Line Henriette Hjemdal då ho opna Søndenåneset tømmerkai i Rogaland før helga.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.01.2017

Søndenåneset tømmerkai, Vindafjord i Rogaland vart fredag 6. januar opna av stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal. F.v. ordførar i Vindafjord Ola Johan Vierdal og t.h. leiar i Rogaland Skognæringsforum Olaf Gjedrem.
Alle foto: Helge Kårstad 

Ein spesiell dag for ordføraren
Litt i underkant av 100 personar var samla på den nye tømmerkaien i Vindafjord i Rogaland, derav heile 8 klasse frå Vikedal skule.
Ordførar Ole Johan Vierdal ynskte velkomen og gratulerte med dagen. - "Den nye kaien gjer oss til den største utskipingshamna for tømmer i Rogaland. Å stå her i dag er litt spesielt for meg. For det var far min, Gunnar Vierdal, som signerte avtalen for første byggjesteget på Søndenåneset tømmerkai i 1990" fortalde Vierdal. Saman med ordførar Gerd Helen Bø frå nabokommunen Suldal heldt han snora medan stortingsrepresentatn Line Henriette Hjemdal svinga den 100 år gamle øksa frå garden Apeland i Vindafjord og såleis opna kaien

Mykje folk samla under opninga på Søndenåneset tømmerkai. Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal snakkar til forsamlinga like før ho svinga øksa og dermed opna kaien. 

Hjemdal – ein politikar for skog og skognæring
- "Tømmerstokken er ein god C02-ven og viktig både for klima og verdiskaping. Når tømmerstokken er hogstmoden og har størst verdi, må den hoggast og transporterast. Det er då skogsdrifta heng saman med samferdselspolitikk, sa m.a. Hjemdal som mellom anna er medlem i næringskomiteen på Stortinget
Hjemdal syntes det var ekstra triveleg at 8 klasse frå Vikedal skule deltok og minna elevane om at skogen var grunnlag både for hus og varme og samtidig den beste CO2-bindaren på jorda.

Ein populær stortingsrepresentant signerar autografen på bjørkeskiver og gir gode råd til elevane i 8. klasse ved Vikedal skule.

Kystskogbruket vil gjerne understeke at KrF har ein svært god skogpolitikk. Partiet har under dei 2 siste åra sine budsjetthandsamingar på Stortinget direkte medverka til meir pengar både til skogsvegar, tømmerkaier, Treprogrammet og ikkje minst Utviklingsfondet for skogbruk. Stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal representerar Østfold på Stortinget og er blitt ein sentral politikar for skognæringa i landet og ikkje minst for utfordringane i kystskogfylka.

Lokale entreprenørar
Det er Vestskog som er eigar av Søndenåneset tømmerkai. Kaien er no utvida frå knappe 20 meter til 50 meter.
– «Det har gått med 150 tonn armering og 750 kubikkmeter betong, som er levert av Ølen Betong» fortel Inga Apeland. Ho er tilsett i Vestskog og har arbeidd med logistikk for sjøtransport av tømmer i mange år og kjenner denne delen av næringa betre enn nokon. – «Like viktig som kaien er tilkomst og lagringsplass. Arbeidet med å utvida av området med lagringsplass og tilkomst er det Byggservice AS frå Kvinnherad som har stått for. Vi planla i første omgang å nytta den gamle kaien vidare, men tilstanden var for dårleg til at det var mogeleg. Løysinga vart å støypa ny kai over den gamle i tillegg til utvidinga» avsluttar Inga.

Mange helsingar
Etter opninga på tømmerkaien heldt programmet fram i Vikedal Samfunnshus.
Etter 2 korte innlegg frå Inga Apeland i Vestskog og Helge Kårstad frå Kystskogbruket vart det bore fram helsingar frå ordførarane i Vindafjord og Suldal, frå Kjetil andre Rødland og Halvor Brosvik i Vestskog, frå Magnus Frøyland i Vindafjord Skogeigarlag, frå assisterande fylkesmann Harald Thune, frå Jan Idar Haugen i Bondelaget, frå Steinar Skarland i KrF, frå Rasmus Tore Stople i Haugaland Bygg og Betong og til slutt frå Jan Ivar Rødland i Kystskogbruket.
Arrangementet var dyktig sett saman av Gerd Inger Årnes i Rogaland Skogselskap, effektivt og godt leia av Olaf Gjedrem får Rogaland Skognæringsforum !

 
 
 
 
Bilde øverst: Dagleg leiar i Vestskog Kjetil Andre Rødland (t.v) takkar entreprenøren Byggservice v/ Kjell Rusten, Haugaland Bygg og Betong v/ Rasmus Tore Stople og prosjektøren Øystein Sørli frå Sørli AS.
Bilde nr. 2: Helsing frå Steinar Skartland i Vindafjord KrF.
Bilde nr. 3: Helsing frå assisterande fylkesmann i Rogaland Harald Thune.
Bilde nr. 4: Eit lokalt band imponerte med eigenskriven song om Vindafjord til slutt i programmet.