Veldig godt nøgd
Skogeigar Ann-Marie Mysing i Egersund er veldig godt nøgd med skogsdrifta. Ho rosar skogbrukssjef Hans Petter Tønnessen for gode råd og NEG Skog v/ Lloyd Gundersen som stod for skogsdrifta. Ho er også glad for at ho bygde skogsbilvegen først.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 14.11.2016
Skogeigar Ann-Marie Mysing i Egersund (innfelt bilde) er ein svært interessert skogeigar i Rogaland. Ho var 8 år gammal då skogen som ho no har hogge vart planta. Resultatet av hogsten og vegbygginga (bilde) har også medverka til at ho no vil plante klimaskog på eigedomen sin. Alle foto: Helge Kårstad |
Foreldra var interesserte i skogplanting.
Ann-Marie fortel at ho var 8 år gammal då granplantene vart sett i jorda. Foreldra hennar var svært interessert i skogplanting og fekk totalt planta 160 dekar gran på den 3000 dekar store eigedomen. Som mange familiebruk i denne regionen var ku og sau dei viktigaste produksjonane på garden då foreldra levde fortel Ann-Marie. Men også i dag er det liv på garden. Ann-Marie leigar bort ein del av garden til beite for sau og ammeku.
Men det var sivilarbeidarar som planta skogen. - «Eg huska godt far fortalde at dei planta buntar med granplanter i kvart hol for å få arbeidet til å gå fort. Etter ei stund kom skogreisingsleiaren og kontrollerte plantefeltet og då vart det ingen nåde for sivilarbeidarane. Dei måtte ta opp igjen dei bunta plantene og plante dei ut ein etter ein. Etter det vart det skikkeleg orden på plantinga» seier Ann-Marie og legg smilande til at - «det gjekk no godt til slutt».
Og det tvilar vi ikkje på. For ca. 60 år etterpå kan Ann-Marie hauste eit svært godt resultat som du kan lese om i det følgjande.
226 kroner pr. kubikkmeter i netto.
Eigedomen er på totalt 3000 dekar, derav ca. 700 dekar skog av middels og høg bonitet (god jord !). Det er planta ca. 160 dekar gran på eigedomen, - det meste kring 1960.
Nyleg (april 2016) vart det hogge ca. 2600 kubikkmeter gran og det var NEG Skog som stod for hogst, utdrift og sal av tømmeret. Lloyd Gundersen fra NEG Skog bekreftar at dette var ei grei skogsdrift, og legg til at ein dyktig hoggar og god utanlandsk kjøpar var viktig for resultatet. Gjennomsnittleg tømmerpris var 362 kroner pr. kubikkmeter og ein driftskostnad på 136 kroner gav ein netto på 226 kroner kubikkmeteren. Utbytet til Ann-Marie Mysing må difor seiast å vere svært godt.
Bygg skogsvegen først og tjen pengar på det.
Ann-Marie bygde først ein ca. 600 meter lang skogsbilveg inn i skogen for å få ned kostanden med å få tømmeret fram til veg. - «Du veit den gongen det vart planta var det meint å bruke hest og våg for å få ut tømmeret og det gjekk ikkje no» seier Ann-Marie. Vegen hadde in bruttokostnad på ca. 700 000 kroner. Etter råd frå skogbruksjefen sette ho av 40 % skogavgift ved hogsten. Dette er pengar som Ann-Marie får tilbake når ho byggjer skogsvegen og i tillegg sparer ho skatt ved tømmersalet. Etter statstilskot og bruk av skogfond kostar skogsvegen henne reelt kring 35 000 kroner.
Skogbruksjefen har rekna ut at dersom ho ikkje hadde bygd skogsbilvegen hadde ho fått ein auke i driftskostnad som hadde gitt ho ein meirkostnad på ca. 125 000 kroner. Sett som eit alternativ til skogsdrift utan ny skogsveg, får ho altså skogsvegen gratis og tjener 100 000 kroner i tillegg.
Ann-Marie seier at den nye vegen er viktig for jordbruksdrifta og vil også gjere seinare skogskjøtsel og kanskje ei klimaplanting både enklare og meir effektiv
Skogbruksjef Hans Petter Tønnessen gav tidleg råd til skogeigar Anne-Marie Mysing om å byggje skogsveg fram til skogen for å redusere driftskostnaden. Saman med skogfond og statstilskot har dette blitt ei svært god investering for Mysing. Biletet viser hogstflata frå april 2016 og den nye skogsbilvegen. |
Vil plante meir skog.
Ann-Marie fortel engasjert om ein skogdag nyleg. På denne dagen kom det mykje folk og det var tydeleg at folk sette pris på at det vart aktivitet i skogen og ikkje minst den nye skogsbilvegen. Eit resultat av tema på denne skogdagen er at Ann-Marie i dag vurderar å plante klimaskog. Og skogbruksjef Han Petter Tønnessen har vurdert dei ulike arealtypane og meiner at inntil 200 dekar eignar seg svært godt til føremålet. Ein eventuell søknad går via kommunen til fylkesmannen og dersom svaret er positivt vil ein kunne starte plantinga våren 2017.
Skogreisinga og eit vedvarande skogbruk.
Underteikna vil framheve det gode samarbeidet mellom skogeigar, forvaltning og entreprenørar i denne saka. Det er mange eksempel på gode resultat ved skogsdrift og vegbygging i kystskogfylka. Men det er også urovekkjande mange dårlege resultat der skogeigar knapt sit igjen med noko etter hogst. Slikt gjev ikkje interesse for å drive eit vedvarande skogbruk. Skogreisinga etter krigen kan føre til eit vedvarande skogbruk men denne skogreisinga kan også bli einaste forsøket. Dette er i stor grad opp til oss sjølve, - til skogeigar, skogforvaltning, skogsentreprenørar og dei som omset tømmer.
Næringa vi drøymer om.
På same vis som du ikkje kan «lage gull av gråstein» kan du heller ikkje få gode resultat i skogbruket om skogen er dårleg skjøtta, for ung ved hogst, manglande skogsvegbygging og tilrettelegginga elles ikkje er tilstades. For paradokset er jo at vi har aldri hatt så mykje fin skog i kystskogfylka, aldri hatt så mykje kunnskap og vel knapt aldri hatt så stor satsing frå dagens politiske leiing til å betre infrastrukturen. Kvifor gjer vi likevel stadig feil og kvifor høyrer vi stadig om skuffa skogeigarar ?
Møtet med Ann-Marie Mysing viser at interesse, kunnskap og eit godt samarbeid løner seg. Skogbruk kan då bli den næringa vi alle drøymer om.
På garden til Ann-Marie Mysing i Egersund har det alltid vore drive fleirbruk. Skogbruksjef Hans Petter Tønnessen opnar den nye grinda som fører inn til skogen og til eit inngjerda beite for sau (innfelt). Til våren håpar Ann-Marie også å plante klimaskog på eigedomen. |