TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Partiet Venstre vil redusere skogsvegløyvinga

Partiet Venstre vil redusere skogsvegløyvinga

Som i fjor vil partiet Venstre kutte kraftig i skogsvegløyvinga. Denne gongen heile 72 millionar kroner. Som kjent har regjeringa (Høgre og Framstegspartiet) føreslege å auka løyvinga til skogsvegar og tømmerkaier over statsbudsjettet 2017 til 95,57 millionar kroner.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 02.11.2016

Det er stor trong for nye skogsbilvegar i kystskogfylka. Dette er eit av dei viktigaste tiltaka for å betre rammevilkåra for norsk skogindustri.
Bildet over og under viser ein nybygd skogsbilveg på Flatekvål på Voss. Denne heilårs skogsbilvegen (klasse 3) er ca. 800 m lang og 5 skogeigarar står bak investeringa. Dette er og tømmer (gran) av svært god kvalitet som går til sagbruket  Moelven Granvin Bruk. Legg og merke til snuplassen som tilfredstiller krava til vogntog.
Foto og vegplanleggar: Oddbjørn Helland

Kristeleg Folkeparti auka løyvinga i fjor
I fjor ville partiet Venstre kutte 65 millionar i skogsvegløyvinga over statsbudsjettet. Heldigvis vart ikkje forslaget frå partiet Venstre nokon realitet, - derimot fekk Kristeleg Folkeparti auka løyvinga til tømmerkaier med 22,5 millionar kroner.

Historisk satsing frå Regjeringa
I år har partiet Venstre føreslege heile 72 millionar kroner i kutt til å bygge skogsvegar i Norge.
Som kjent har regjeringa lagt fram eit forslag om å auke løyvinga til skogsvegar og tømmerkaier over statsbudsjettet (kapittel 1149, post 71) med ca. 29 millioner kroner til 95,57 millionar kroner. Endeleg fordeling mellom skogsvegar og tømmerkaier vil bli føreteke av departementet.
Saman med venta tilskot til skogsvegar i LUF-potten 2017 (jordbruksavtalen) vil det venteleg ende opp med kring 200 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier i 2017. Dette vil vere ei historisk satsing frå staten si side.

Underleg av partiet Venstre
Satsinga frå regjeringa er heilt i tråd med Kystskogbruket si prioritering av infrastruktur sidan den første Melding om kystskogmeldinga i 2008 og også si samsvar med SKOG22 og ikkje minst den siste Skogmeldinga (Meld.St.6, 2016-17). Og bakgrunnen for desse prioriteringane har vore at skognæringa sjølv har fronta betre rammevilkår innafor transportsektoren som eit av dei viktigaste verkemiddel for ei meir lønsam, berekraftig og innovativ industriutvikling som er basert på skogen sitt fornybare råstoff. Det er difor med stor undring vi igjen registererar at partiet Venstre føreslår så drastiske kutt i tildelinga til skogsvegar i norsk skogbruk.
Vi vil også legge til at Venstre har føreslege å kutte løyvinga til «granplanting», dvs. klimaskog med 14,4 millionar over Klima- og miljdepartementet sitt budsjett.

Venstre også med gode tiltak
I sitt alternative statsbudsjett har partiet Venstre føreslege å vidareføre Treprogrammet med 25 milionar kroner og Utviklingsfondet med 3,6 millionar kroner. Og ikkje minst har dei føreslege å auke omsetningskravet for biodrivstoff til 20% innan 2020. Til slutt har dei førelege å setje av 50 millionar kroner til bioøkonomistrategi i Innovasjon Norge. Det siste er ikkje minst viktig for kystskogfylka som pr. i dag har fleire innovative bedrifter som vil satse framover.