Feios i Vik kommmune kan visa til gode reslutat frå feltprosjekt
Feiosprosjektet i Sogn og Fjordane er eitt av fire prosjekt i regi av Kystskogbruket som har utprøving av grunneigarsamarbeid som prosjektmål.
Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 11.04.2014
Feltprosjektet har vore ein del av det nyleg avslutta femårige forskingsprosjektet "Frå ti til ein, overbyggande samarbeid for private personlege skogeigarar i kystskogbruket", utførd av Gro Follo ved Norsk senter for bygdeforsking.
Feltprosjektet kan visa til fleire gode resultat, mellom anna er det utarbeidd eit framlegg (kartdel) til Hovudplan skogsveg som skal bli ein temaplan for kommuneplanen for Vik kommune. Planen omfattar 72 skogbruksplanar inkludert ein del enklare oversiktsplaner for dei minste eigedomane tilhøyrande Feiosbygda.
Arbeidet vert lagt merke til, og Regjeringa har opplag om Feiosprosjektet på heimesida si denne veka.
Feios i Vik kommune er den bygda i Sogn og Fjordane som kan vise til verkeleg gode resultat av skogreisinga. Dette set fokus på forsking og planlegging med skogeigarane i sentrum også framover.
Sjå heile saka på Regjeringa,no her.