"Skogomveltning" i Tyskland gir mulegheiter
I Tyskland har det i mange år funne stad ei skogomveltning (Waldumbau). "Mangel på bartrevirke frå tyske skogar gir mulegheiter i Kystskogbruket" sier Simon Wolff, forstkandidat frå ærverdige Tharandt i Sachsen.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.01.2014
![]() |
Forstkandidat Simon Wolff i bratt kystskogterreng på Fykse i Hardanger. Foto; privat |
Simon Wolff (27) flytta nyleg med familien sin frå Dresden i Tyskland til i Fykse i Kvam kommune i Hardanger. Og Simon er svært interessert i skogbruk, - kanskje ikkje så rart når han har utdanninga si frå Forstliche Hochschule Tharandt, i dag verdens nest eldste fakultet med skogbruk som eiga studieretning. Ja det var nettopp Johan Heinrich Cotta som i 1811 grunnla Forstliche Lehranstalt Tharandt, då som ein privatskule for skogbruk som var den første i Tyskland og det eldste skoguniversitetet som enno fins i landet.
Simon Wolff er svært oppteken av skog og miljø. Han viser til ei stor skogomveltning (Waldumbau) som har skjedd i Tyskland i nyare tid, - ei favorisering av blandingskog som m.a. har medført stor mangel på bartrevirke til industrien. Dette saman med ein aukande pris på granvirke i Tyskland er ein situasjon som Simon meiner gir store mulegheiter i Norge og Kystskogbruket. Men som Simon sier;
"Oppgaver må ikke bare bli gjennomført i prinsippet av profittmaksimering, men med et langsiktig syn slik at alle økonsystemtjenester er inkludert"
Les den interessante artikkelen til Simon Wolff her
Tekst; Helge Kårstad (48020261)