TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Dunkar pelar

Dunkar pelar

Arbeidet med Eikefjord tømmerkai i Flora kommune er godt i gang. Hovudentreprenør er Julnes Entreprenør As frå Florø. På grunn av noko meir massar i sjø enn føresett, er det no valgt ei tradisjonell pel-løysing. Firmaet Fundamentering AS frå Trondheim er engasjert til å utføre ramming av pelar i lausmasser som fundament for kailegemet.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.10.2016

Eikefjord tømmerkai 17. oktober 2016. F.v byggeleiar Gunnvar Seljeseth frå Eikefjord, Håvard Engen og formann Jostein Engen frå Fundamentering AS.
Foto: Helge Kårstad

Store krefter må til
Det er store krefter som må til for å ramme (dunke) stålpelar ned i lausmassane ved Eikefjord tømmerkai.
Opptil 10 tonn i slaga fører stålpelen sakte nedover til den stoppar i fjell. Kring 30 pelar skal dunkast ned og dette arbeidet vil venteleg vere ferdig om ca. 2 veker. Deretter skal armering og betong fyllast i røyra som er 1.25 cm tjukke og har ein diameter kring 70 cm. Anleggsleiar John Olav Dybvik i firmaet Fundamentering AS frå Trondheim fortel at firmaet har oppdrag over heile landet og at det stort sett dreier seg om kaianlegg. Men dette er den første tømmerkaien i 2016 der dei er engasjert. Det er venta at den nye tømmerkaien vil vere klar til bruk ut på vårparten.
Her kan du lese meir om firmaet Fundamentering AS: http://www.fas.no/

Byggeleiar Gunnvar Seljeseth inspiserar pelrøyra med påsveiste pelspissar som gjer det lettare å slå ned pelane i lausmassane. Tjukkelsen på godset i røyra er 1.25 cm og med lengder kring 15 meter skal det store krefter i hammaren for å slå ned røyra, opptil 10 tonn i slaga er vanleg.
Foto: Helge Kårstad

Kaifront frå 52 til 100 meter
Flora Skogeigarlag fekk hausten 2015 tilsagn om tilskot på inntil 14,5 mill. kroner til utbygging av Eikefjord tømmerkai. Totale kalkulerte investeringskostnadar var i utgangspunktet ca. 18,4 mill. kroner.
Eksisterande kaifront skal utvidast frå 52 til 100 meter. Kaifronten må flyttast lenger frå land enn den er i dag, og det skal mudrast i austenden av kaia for å oppnå tilstrekkeleg djupne langs heile den nye kaifronten. Vegen inn til kaianlegget skal utvidast, veg og lagerareal skal asfalterast.

Ei dobling av kvantumet
Utskiping av tømmer fra Eikefjorden er viktig for skogbruket i regionen. Store tømmervolum blir hogstmodne i kaien sitt dekningsområde i åra framover. Tømmervolumet har allereie auka mykje. På sikt vil det gå 75.000 kubikkmeter tømmer over kaien. Dette tilsvarar ei dobling av kvantumet som hittil og årleg har gått over kaien. Tømmeret vil kome frå kommunane Flora, Naustdal, Førde og delar av Jølster, Bremanger og Gloppen.