TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Elektrifisering av skogsdrift i bratt terreng

Elektrifisering av skogsdrift i bratt terreng

Oljeutvinning i Nordsjøen føregår m.a. ved hjelp av ein elektrifisert brønnkabel. No vil Per Bø frå Sandnes med lang erfaring frå oljebransjen ta i bruk same teknologien for skogsdrift i bratt terreng. «Dette kan effektivisere skogsdrift i bratt terreng mykje» seier taubaneentreprenør Torbjørn Frivik.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 04.10.2016

Øverst: Spennande tider ! Elektrifisering av taubaner ved hjelp av ein elektromekanisk kabel ("brønnkabel") kan effektivisere skogsdrift i bratt terreng, biletet over frå Ørsta.
Under: F.v Per Bø frå Sandnes med lang erfaring frå oljebransjen vil no samarbeide med skognæringa for å utvikle utstyret, her representert ved taubaneentreprenør Torbjørn Frivik.
Alle foto: Helge Kårstad 

Ein patentert modell basert på «brønnkabelen»
Ein elektrifisert brønnkabel (wireline) leverar elektrisk straum til ulike avanserte arbeidsoppgåver nede i ein brønn offshore. Men denne kabelen har også høg strekkstyrke, berestyrke, toler røff handsaming og kan vere godt eigna ved skogsdrift i bratt terreng. Per Bø fra Sandnes vil no tilpasse og utprøve denne kjente og godt utvikla teknologien frå offshore til skogsdrift i bratt terreng. Modellen er nyleg patentert og Bø vil no utvikle utstyret som trengs.

Utvikling og produksjon av utstyret i Norge
I prinsippet vil den elektromekaniske kabelen fungere som ein berekabel, men m.a. trekk og returliner vil ikkje bli nødvendige fordi drifta vil vere basert på strøm. Også motoriserte løpekattar utan trekk og returliner vil bli lettare og smidigare fordi drifta er basert på strøm istandenfor fossilt brennstoff (vanlegvis diesel). Denne metoden vil også kunne gi større rekkevidde, vere raskare å montere og totalt sett føre til reduserte driftskostnader i bratt terreng meiner Bø.
Utviklinga av utstyret vil føregå ved Bø sine verkstader i Sandnes. Også produksjonen av det ferdigutvikla utstyret vil føregå i Norge fordi det er her vi kjenner denne teknologien best seier Bø.
På sikt vil det vere naturleg også å elektrifisere både kvisting, kapping og anna handtering av tømmeret på velteplass. På mange vis kan ein nytte dagens utstyr i ein elektrifisert funkjson.

Kan bety mykje for skogsdrift i bratt terreng seier Frivik
Dersom Bø klarer å utvikle dette utstyret til akseptable kostnader, kan det bety svært mykje for skogsdrift i bratt terreng i Norge, ja også i utlandet sier Torbjørn Frivik. Frivik er forutan å vere leiar i Norsk Taubanelag også den klart største taubaneentrepernøren i Norge i dag. - «Sjølv har eg måtta tenke nytt sidan eg starta dette føretaket. Ja du må heile tida ligge i front, bruke nytt utstyr og samtidig vere open for nyvinningar» seier Frivik som har sagt seg villeg til å sitje i styringsgruppa for prosjektet.

Svært interessant seier Kyllo
Vi kan m.a legge til grunn at inntil 40% av produktivt skogsterreng i Vestlandsfylka må drivast fram med taubaner. Pr. i dag blir knapt 10% av hogstkvantumet i desse fylka drive fram med taubaner. Dette fortel om store potensial og at det blir viktig å utvikle taubaneteknikken.
Dersom ein elektrifisert taubane blir meir kostnadseffektiv, vil ein større del av det produktive skogterrenget i Norge kunne drivast fram og skape nasjonale verdiar i verdikjeden.
Tidlegare taubanekonsulent Nils Olaf Kyllo seier det slik - «Vi ynskjer all utvikling av taubanesektoren velkommen. Initiativet frå Bøe er svært interessant og kan både direkte og indirekte føre til store forbetringar ved taubanedrift. Dersom metoden også kan medverke til å effektivisere terminalarbeidet på standplass vil det få store positive ringverknader» Også Kyllo har sagt seg villeg til å sitje i styringsgruppa for prosjektet.
Kylle som i dag driv som vegplanleggar i Sør-Trøndelag er svært nøgd med utviklinga av statstilskota til skogsvegbygging og skogsdrift i bratt terreng. Men han understrekar at god detaljplanlegging blir stadig viktigare fordi marginane for lønsemd i næringa stadig blir mindre, også i det bratte terrenget.

 
I fleire av kystskogfylka er inntil 40% av det produktive skogterrenget så bratt at skogen bør drivast fram med taubaner. Elektrifisering av taubaner kan m.a. medverke til at meir av det bratte skogterrenget kan drivast. - "Men god detaljplanlegging av skogsdrifta, av vegar, standplassar og snuplassar blir uansett sentralt" seier NIls Olaf Kyllo, her frå Melhus i Sør-Trøndelag.
Foto: Helge Kårstad

Skogsdrift med taubaner er miljøvenleg og gir stor verdiskaping
Underteikna vil understreke at vi har eit effektivt og lite taubanemiljø i Norge i dag. Dette miljøet er bygd opp i løpet av dei 10 siste åra og har ikkje minst vore viktig i samband med uttak av stormskadd skog. Driftsmåten er svært miljøvenleg og kan bli viktigare ved stadig auka nedbør/ beresvak mark. Driftstilskotet til taubaner vil vere heilt avgjerande for å utvikle dette miljøet enno i mange år. Den dagen infrastrukturen er utbygd, og vi har fått ei ytterlegare effektivisering av taubanesektoren, vil det vere rom for lettelsar i det statlege tilskotet til skogsdrift i bratt terreng.
Inntil vidare må den nasjonale ramma for driftstilskotet aukast i takt med at skogen i det bratte terrenget i kystskogfylka bli hogstmoden. For det er ingen tvil om at skogen frå det bratte terrenget også gir stor nasjonal sysselsetjing og verdiskaping i kjeden frå skog til industri.

Owren taubane under skogsdrift på Toppe ved Bergen. Med påmontert vinsj og 15 meter høgt tårn har den rekkevidde inntil 350 meter. I dette orkanskadde skogområdet har taubaneentreprenør Mats Stalheim frå Voss hogge ca. 7000 kubikkmeter tømmer.
Foto: Helge Kårstad