Skogreisingsleiaren – ein samfunnsbyggjar
Skogreisingsleiarane medverka til at det vart etablert ny skog i kring 175 kommunar langs kysten. Skog22 og Melding om Kystskogbruket (2015) dokumenterar ei potensiell 4-dobling av verdiskapinga fram til 2040. Utan skogreisingsleiarane hadde denne moglege verdiskapinga aldri kunne funne stad. For korleis skulle den det ? Skogreisingsleiaren har utvilsomt vore ein samfunnsbyggjar av rang.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 06.09.2016
Skogreisingsleiar Sverre Hestad (t.v) har bidrege til svært mange nye bedrifter og arbeidsplassar. Ein av desse er Martin Braanaas Kleppe (t.h) som er dagleg leiar i hogstentreprenørfirma Sunnfjord Skog AS. Firmaet sysselset 5 personar på heiltid. Og med stadig aukande hogstmoden skog etter skogreisinga er Braanaas Kleppe optimistisk med tanke på framtida for skognæringa. Foto: Helge Kårstad |
"Du må så før du haustar"
Under eit skogmøte i Stavanger i mai refererte professor Dag Jørund Lønning filosofen Nietzsche med følgjande utsagn: «Alle tror at treet er opptatt av frukten, men det treet som er opptatt av frøet». Eller sagt med andre ord: «du må så eit frø før du kan hauste eit tre». Lønning som til dagleg arbeider ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren sa at å plante eit grantre måtte vere noko med det beste eksempelet på å skape verdiar. Og la til at det var nettopp det «skapande mennesket» eller eldsjelene i bygdene som ved ei ukueleg interesse hadde gått i førevegen og m.a. skapt det samfunnet vi i dag har i landet. Å byggje gardsbruk (jord og skog) og produsere mat, varme og kle er det beste eksempelet på ei verdiskaping som har vore og vil bli grunnlaget for ei god utvikling i samfunnet, sa Lønning. Og han la til: "Vi må framelske og løfte fram kvaliteten i frøet, ikkje berre i det ferdige produktet. For vi er blitt all for opptekne av det ferdige produktet»
Og eg med fleire vart tankefulle, - ja vi tenkte på skogplantarane og skogreisingsleiarane.
Å byggje landet
Lønning kommenterte også opptrappinga i jord- og skogbruket etter krigen. Mange meiner at etterkrigstida er den mest produktive perioden i Norge. I tillegg vart det etter krigen utvikla ei sterk tru på felles arbeid og å «bygge landet». Ikkje minst innan skogbruket vart det satsa. Heile Stortinget slutta seg til ei storstila skogplanting i landet og tilsette kommunale skogreisingsleiarar i nær sagt kvar einaste kommune langs kysten. Dette for å skape arbeid og verdiar for skogeigar, men også for å sikre råstoff til skogindustrien og den trebearbeidande industrien. Nokon har hevda at desse skogreisingsleiarane endra landskapet i Norge meir enn noko anna. Ja mange av kommunane var skoglause før skogreisinga, det var eit ope landskap med ein stor grad av utarma beite. Det var mykje gjenbruk av byggjematerialar i tillegg til stor tilførsel av trelast frå andre land og landsdelar.
Skogreisingsleiaren vår
Då eg vaks opp på 1960 og 70-talet i Gaular kommune i Sogn og Fjordane var presten, lensmannen, banksjefen og skogreisingsleiaren dei mest kjente og ettertrakta personane i min kommune. For meg som korkje var spesielt religiøs eller rik vart skogreisingsleiaren mitt store førebilete. Og eg var ikkje åleine om det. For som han sa bonden: «når skogreisingsleiaren kom til gards vart han sjølvsagt beden inn i beststova og servert søndagskost». Han vart ofte sett på som personen som kunne bidra til å skape velstand og nye verdiar på garden for framtida.
Skogreisingsleiaren vår heitte Sverre Hestad og han var stadig på farten. Ja eg huskar enno bilen med granplanter, - den var til alle døgnets tider å sjå ein stad i bygda. Eg minnest også den gode lukta av granplanter og sveitten som kom når plantene skulle i jorda.
Hestad vart tilsett som skogreisingsleiar i Gaular kommune i 1961 og i løpet av 20 år medverka han til at heile 25 000 dekar mark vart planta med gran i kommunen. Hestad fortel at det var størst aktivtet kring 1970 og rekorden var kring 400 000 planter i jorda i 1967. Dette er mykje når vi veit at i dag blir det planta om lag det same i heile Sogn og Fjordane.
Skogplantarane (her - og idag representert ved Janise Staniskaw frå Polen) var sentral i det store skogreisingsarbeidet etter krigen. Foto:Helge Kårstad |
Ein samfunnsbyggjar av rang
I dag veit vi at skogen som skogreisingsleiar Hestad sterkt medverka for å få etablert, produserar årleg kring 25 000 kubikkmeter tømmer av god kvalitet. Basert på ferske opplysningar frå hogstentreprenørar, tømmerbilsjåførar, reiarar, tømmermåling og omsetjarar av tømmer skaffar dette kvar einaste dag og året rundt arbeid til ca. 4 personar innan føretak frå stubben og fram til industri. Dette er snitt tal basert på hogst av gran med hjulgåande hogstmaskin (80% av kvantumet), taubane (20% av kvantumet) og transport med tømmerbil eller norskregistrerte skip til norsk eller utanlandsk skogindustri.
Foredling
Men kva med foredlinga då ? I ein rapport frå Trøndelag Forsking og Utvikling (2014) om skognæringens verdikskaping i kystfylkene er det oppgitt produksjonsverdiar, bruttoprodukt (verdiskaping) og sysselsetjing i skognæringa (SSB 2014). For 2013 (siste registrerte år) er det oppgitt 106 sysselsette i skogbruk i Sogn og Fjordane. Dersom ein legg til foredling (trelast og varer av tre) og ringverknader utgjer dette 1054 arbeidsplassar, dvs. ein sysselsetjingsfaktor på ca. 10 (1054 dividert på 106). For skogen etter skogreisingsleiar Hestad vil dette tilsvare ca. 40 heiltids arbeidsplassar (4 sysselsette x10). I praksis vil nokon av arbeidsplassane vere i eiga bygd, nokon i eigen kommune men mange i andre kommunar kring i Norge (ikkje utanlandsk skogindustri medrekna). Dette er fordi det ikkje ligg sagbruk og trebearbeidande industri i kvar bygd eller kommune.
Liknande tilfeller kan ein finne i ca. 175 «skogreisngskommunar» langs kysten, sjølvsagt i varierande grad, nokon meir og nokon mindre. Det spesielle er at utan skogreisingsleiarar hadde denne verdiskapinga aldri funne stad i Gaular kommune eller nokon annan av dei 175 skogreisingskommunane i Norge. For korleis skulle den det ? Skogreisingsleiaren er utvilsomt ein samfunnsbyggjar av rang.
Årleg 40 sysselsette
Skogreisingsleiar Sverre Hestad har gjennom sitt arbeid i min kommune bidrege til årleg 40 sysselsette innan skogbruk, skogbearbeidande nasjonal industri og inkludert ringverknader (jfr. rapport fra Trøndelag forsking og utvikling, 2014).
Liknande tilfeller vil du finne i ca. 175 skogreisingskommunar i Norge, nokon meir og nokon mindre.
Utan denne skogsatsinga etter kringen hadde aldri denne lokale og nasjonale verdiskapinga funne stad. Skogreisingsleiaren har vore ein samfunnsbyggjar av dei sjeldne.
(Denne artikkelen står i siste nr. av Norsk Skogbruk, 7/8 2016)
Eksempel på gode resultat frå skogreisinga: Øverst: Boligar i Meland kommune/ Hordaland med grankledning (Picea abies) fra Moelven Granvin Bruk i Hardanger Nederst: Moderne alpinski av sitkagrankjerne (Picea sitchensis) frå Vestlandet. Dette treslaget har særdeles gode tretekniske eigenskapar føresett at trea ikkje blir hogge for tidleg. Produsent av laussnøski eller alpinski av sitkagrankjerne er Endre Hals (bilde) på Oppdal i Sør-Trøndelag. Alle foto: Helge Kårstad |