TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Nedlagde ferjeleier kan bli tømmerkaiar

Nedlagde ferjeleier kan bli tømmerkaiar

Eit samla Storting står bak ein merknad til statsbudsjettet 2014 som muleggjer at nedlagde ferjeleier kan omdisponerast til tømmerkaiar, føresett at staden er den rette.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.12.2013

F.v. Kan det etablerast tømmerkai (som bildet) på eit nedlagt ferjeleie ?
T.h. Stortingsrepresentant Magne Rommetveit frå Hordaland har engasjert seg i saka. 

Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap, Hordaland) sit i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortinget og har engasjert seg for betre infrastruktur i skogbruket og har sett mulegheitene for å bruke nedlagde ferjekaier til tømmerkaier. Dette har m.a. ført til at det samla Storting (via Transport- og kommunikasjonskomiteen og Næringskomiteen) står bak ein merknad til statsbudsjettet 2014 som lyder såleis
«Komiteen har merka seg dei utfordringane skogbruksnæringa langs kysten står overfor, der bruken av større skip aktualiserer behovet for tømmerkaier med større djupne og større lagringskapasitet land. Komiteen vil ut i frå dette be om at ferjekaier som blir nedlagde som følgje av ferjeavløysingsprosjekt, blir vurderte brukt som tømmerkaier der djupne- og arealforhold ligg til rette for det. Dette gjelda ferjekaier der ein ikkje kjem i konflikt med kravet om beredskapskai.”

I klar tekst betyr dette at Statens Vegvesen vurdere dette i kvart tilfelle der det blir lagt ned ein ferjekai. Rommetveit seier at omsynet til beredskap uansett vil ha fortrinnsrett men dette vil stort sett gjelde der det er snakk om undersjøisk tunnell som avløyser ferjeleie. I tilfeller der bru avløyser ferjeleie vil såleis eit eventuelt behov for tømmerkai kunne få fortrinnsrett. Det presierast at det pr. i dag ikkje ligg inne statlege pengar som spesielt følgjer slike ferjeavløysingsprosjekt.

Denne merknaden i statsbudsjettet for 2014 er svært viktig og saman med SINTEF - rapporten for plassering av framtidige  tømmerkaier bør vi sjå nærmare planlagde nedlagde ferjeleier. I  Kystskogbruket er det pr. i dag kjent eit tilfelle der dette er aktuelt. Ved opning av Hardangerbrua vart ferjeleia Brimnes - Bruravik nedlagde og ferjeleiet ved Bruravik kan difor vere aktuelt å sjå nærmare . Dette kan difor gjelde ein framtidig tømmerkai for viktige skogkommunar som Voss, Granvin, Ulvik og Ullensvang.

Tekst og foto; Helge Kårstad (48020261)