TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vil etablere selskap for flytande tømmerkai

Vil etablere selskap for flytande tømmerkai

Marvik Skog frå Suldal i Rogaland har siste åra spesialisert seg som einaste i Norge på skogsdrift til flytande dalstasjon (lekter)i sjø. Bedrifta vurderar no å gå til innkjøp av ein flytande tømmerkai/ lekter for utleige.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.12.2013

Øverst; Sentrale i Marvik Skog, f.v. Jan Terje Skåtevik, Kjell Øystein Øvrebø og Svein Inge Øvrebø.

Nederst; Slepebåt (nærmast) og lekter med landgang ved Brakaneset/Vikedal i Vindafjord. Dette oppdraget vart ferdig i går og i løpet av natta er lekter m/ utstyr flytta ca 15 km lenger inn i fjorden der ca 10 000 kubikkmeter skog ventar.

Haugesund 12 desember 2013.
Marvik skog har utfordra skogbruket sin driftsteknikk i nyare tid. Trass mange åtvaringa satsa dei friskt og fekk etablert eit driftslag basert taubanedrift til flytande dalstasjon i 2010.

Bak firmaet står Jan Terje Skåtevik og brødrene Svein Inge og Kjell Øystein Øvrebø.
"Vi hadde stor tru på dette og ville satse" seier Jan Terje og Svein Inge som har vore sentrale i firmaet sidan starten. Dei rosar alle som ulikt vis har støtta dei undervegs og ikkje minst fylkesmannen i Rogaland sin bygdeutviklar stasjonert i Suldal, - "utan Astri Brommeland hadde dette ikkje blitt realisert i starten" seier Svein Inge.

Utstyret består av ein 65 x24 meter stor lektar (8000 tonn nyttelast, 8 m høg, og maks djupne under vatn ved last ca 4 meter), 1000 hk slepebåt, Konrad Caddy vinsj, Woodliner 4000 løpekatt, gravemaskin påmontert Woody 60 kviste/ kappeaggregat og ein Konrad (6WD) klembankelunner med Woody 60 kvisteaggreat.
"Resultata har blitt stadig blitt betre, - nøkkelen til gode resultat ligg i planlegging av gode drifter og gjerne fleire drifter innafor same fjordsystem" seier Jan Terje. Kombinasjonen med klembankelunnaren gjer at mykje av kvistearbeidet kan gjerast i terrenget og ikkje på lektar.
Utstyret er svært mobilt, - med slepebåt kan utstyret med lektaren flyttast med ca 3 knop fart (6 km/t). I praksis betry dette at det teknsk sett er kurant å flytte til nabokommunar og nabofylker, men det vil kreve ei viss mengde tømmer og god planlegging for å bli lønsamt.
Hydraulisk utlegging av landgang saman med fortøyning med tau ved hjelp av 4 hydrauliske vinsjar fastmontert på lektaren gjer at det tek svært kort tid å sikre lektaren mot land.
Jan Terje er sjøkaptein av utdanning og dermed slepp Marvik Skog å leige inn folk ved flytting av utstyret. Dette er heilt avgjerande ved denne type entreprenørverksemd. 

Den gode mobiliteten har ført til at lektaren også har vore nytta som flytande tømmerkai med svært gode resultat, - både i områder utan kai, - i tilknytning til mindre kaier og som supplement ved større kaier. Siste året utgjer denne utleiga som flytande tømmerkai ca 25 000 kubikkmeter tømmer. Marvik Skog ser no eit potensiale i å investere i ein eigen lektar som kan nyttast som utleige som flytande tømmerkai. Dette vil også frigjere lektaren dei har i dag til eiga skogsdrift i bratt terreng. 

Ansvarleg drift, god mobilitet, rask forankring, høg nyttelast, relativt lite krav til djupne er faktorar som underteikna meiner er vesentlege ved ein flytande tømmerkai/ lektar som supplement til dei faste tømmerkaiane. Som så ofte før vil god planlegging og effektiv drift vere avgjerande for pris og oppdrag. Tankane til Marvik Skog er utan tvil interessante som eit supplement til dei faste tømmerkaiane enkelte stader langs kysten.
 

 Tekst og foto; Helge Kårstad

Øverst; Nærbilde av lekteren som er ca 8 meter høg og stikk ca 4 meter under vannstand ved full last.

Nederst; Svein Inge Øvrebø framfor ein av dei 4 hydrauliske fortøyningsvinsjane på lekteren.
Legg merke til den hydrauliske landgangen. Denne kan nyttast både ved mottak av tømmer med taubane (som her) eller ved lessing av lekter med hjulgåande utstyr (lastetraktor eller tømmerbil)