TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Utan Nesthusvegen hadde skogen blitt ståande

Utan Nesthusvegen hadde skogen blitt ståande

Utan denne skogsvegen (Nesthusvegen) hadde skogen blitt ståande seier skogeigar Jan Geir Jensen på Voss. Siste året er det hogge om lag 40 000 kubikkmeter flott grantømmer til denne vegen.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.11.2013

Øverst; Fv. Stig Håland (driftsplanleggjar hos Nesheim Skogsmaskiner), skogeigar og vegformann Jan Geir Jensen og Erik Nesheim (Nesheim Skogsmasiner). 

Nederst; Interesserte ungdomar på familieskogdagen på Voss. Ikkje rart når verdsmeister i "kjedebyte" Ole Harald Løvenskiold Kveseth skiftar kjede på motorsaga på 8,36 sekund. 

Voss, 30 november 2013.
I flott førejulsveir og i regi av Nortømmer og Subaru vart det arrangert familieskogdag på Nesthusvegen på Voss i dag.
Programmet var mangfoldig; nytt frå Kystskogbruket og Nortømmer, informasjon frå skogbruksjef Bjørn Hystad på Voss og ikkje minst oppvisning i kjedebyte, hotsaw, og kubbekløyving med øks ved Ole Harald Løvenskiold Kveseth. Om han ikkje stal showet så var han mest populær blant den yngre garde (sjå bilde over).
Erik Nesheim har drive som hogstentrerepenør på Vestlandet i over 20 år og viser til at eine driftslaget hans har hogge tømmer til Nesthusvegen samanhangande i 14 månader. Vegen har fungert tilfredstillande og bortsett frå ei lita kneik er både vegtrase, snuplassar og velteplassar godt planlagde. Heile 40 000 kubikkmeter grantømmer er hogge berre til denne vegen siste året kan Jens Manger i Nortømmer fortelje. Kjøparar har vore Moelven Granvin Bruk, Norske Skog Skogn og Ilim Timber i Tyskland.  
39 skogeigarar står saman om skogsvegen som vart bygd i 1994. Men det er først i dei siste åra det er blitt hogge tømmer og skogeigar og vegformann Jan Geir Jensen seier at nøkkelen til grei økonomi er samarbeid på alle plan.  "Og utan denne skogsvegen hadde skogen blitt ståande" seier Jensen tilslutt.

Tekst og foto; Helge Kårstad (48020261)