Familiedag i skogen på Voss
I samarbeid med SUBARU inviterar Nortømmer til familieskogdag på Voss lørdag 30 november. Du er Velkommen !
Denne nyheten ble publisert av: Kirsti Haagensli Publisert dato: 25.11.2013
![]() |
Jens Manger i Nortømmer inviterar alle til familieskogdag på Voss. Bildet er frå Bulken på Voss, Vangsvatnet i bakgrunnen. Foto; Helge Kårstad |
Førstkomande lørdag kl. 11 er det skogdag hos Ivar Linde på Bulken (Nesthus) i Voss kommune.
Voss er ein av dei store skogkommunane på Vestlandet og hogsten har vore på opptur siste åra.
Nemnast må også at Moelven Granvin Bruk ligg 2-3 mil frå store skogområder i Voss kommune og eit aktivt skogmiljø betyr mykje for denne hjørnesteinsbedrifta i skognæringa i Hordaland.
Historisk har det vore planta svært mykje gran på Voss og vossabøndene var også sterkt engasjert i oppbygginga av skogeigarsamvirket på Vestlandet 1970 og 80-talet.
Etter planen vil også politikarane i Voss kommune handame hovudplan for skogsvegar ut på nyåret.
Denne planen vil bli svært viktig for aktiviteten i åra som kjem og dette vil vi kome tilbake til seinare her på denne nettstaden.
Skogdagen er arrangert av Nortømmer i samarbeid med bilfirmaet Tveiten AS (Subaru) på Voss.
Programmet kan du lese her