Har laga mat på skogkveld i 21 år
Den 7. november vart det arrangert skogkveld i Søre Kvinnherad Skogeigarleag for 21 gong. I alle desse åra har Astrid Haugse laga maten og servert forsamlinga, i nokre år også som leiar i laget.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 14.11.2013
![]() |
Øverst; Ragnvald Vaage (t.v) og Astrid Haugse,(t.h), dagens og tidlegare leiar i skogeigarlaget Nederst; Iver Blokkum (Vestskog) orienterar om hogst- og driftstilbod |
![]() |
Som nytilsett skogbruksjef inviterte Terje Natland til skogkveld i Søre Kvinnherad Skogeigarlag ein kveld i november i 1992.
Den gongen som idag var det Astrid Haugse som hadde ansvaret for både mat og servering. Om det er tradsjonen og den gode maten som er årsaka skal vi la ligge, men maken til skoginteresse skal vi leite lenge etter i Kystskogbruket. For som vanleg stilte det mykje folk, - denne gongen kring 40 personar og i alle aldrar, - alt frå skogeigarar til hogstentreprenørar.
Rune Hass og Tore Eik snakka om flisfyring i Rosendal, Helge Kårtstad orienterte om arbeidet i Kystskogbruket og Terje Natland orienterte om hovudplanarbeidet med skogsbilvegar.
Til slutt orienterte Iver Blokkun frå Vestskog om hogst- og driftstilbod til skogeigarane i regionen.
_________________________________________________________________
Det er interessant å registrere slik stor interesse for skogbruk som i Søre Kvinnherad Skogeigarlag. Det er ekstra gledeleg når ein møter unge skogentreprenørar som satsar på eit yrke innafor skogsektoren.Dette skjer nok ikkje tilfeldig, noko også dagens leiar Ragnvald Vaage kommenterte tilslutt.
Ja det er nok ei grunnleggande interesse for jord og skogbruk i dei fleste bygder i landet.
Men ein er heilt avhengig av eldsjeler som Astrid Haugse og ikkje minst ein kommune som prioriterar tilsette med fagfelt skogbruk. Skogbruksjef Terje Natland i Kvinnherad er eksempelet mange kommunar i Kystskogbruket burde sjå til.
Tekst og foto; Helge Kårstad
.