Miljøpartiet De Grønne inviterte skogbruket
"Bør gran ha en rolle i skogbruk på Vestlandet" var tema på et kveldseminar i Miljøpartiet De Grønne i Bergen i kveld.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.11.2013
![]() |
Nokre av deltakarane på møtet i Miljøpartiet De Grønne i Bergen. Til høgre partileiaren i Bergen; Lars Fadnes. |
Bergen 13.11.13.
Ove Frotvedt frå Fanagro, Tormod Jacobsen frå Vestskog og Helge Kårstad frå Kystskogbruket var invitert av Miljøparteiet De Grønne i Bergen til å ¨informere om skogbruk og om gran bør ha ei rolle i skogbruk på Vestlandet, sjå meir info på facebooksida til partiet her; https://www.facebook.com/pages/Milj%C3%B8partiet-De-Gr%C3%B8nne-i-Bergen/170653772985183.
Tema frå skogproduksjon via biomangfold til Co2 binding og bygging av skogsbilvegar vekte stor interesse og det vart gode debattar langt ut over den fastsette tida. Debatten viste så absolutt at her er nok av felles interesser, - ikkje minst å kunne foredle meir av skogen og grana lokalt.
Det er svært positivt og viktig for Kystskogbruket at Partiet De Grønne i Bergen inviterar til informasjon og debatt kring desse viktige spørsmåla og ikkje minst utfordrar skognæringa på kva partiet kan bidra med i det vidare.
Takk for eit flott initiativ !
Tekst og foto; Helge Kårstad