TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Tømmeret frå land til sjø

Tømmeret frå land til sjø

Det er stor interesse langs kysten for å bygge tømmerkaier. Stadig meir av tømmeret i Norge finn sjøvegen til industrien. Reduserte transportkostnader er ein av mange grunnar til dette.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 26.09.2013

Sentrale personer i skogbruket på Sørlandet.
Fv. Karl Gjermund Damli (Fylkesmannen i Vest Agder), Nils Aakre (AT Skog) og Burkhard Reuther (NEG Skog). Bildet er teke i Mandal havn (2012), - i desse dagar er det under planlegging ein ny tømmerkai i Strømsvika like aust for Mandal.
Tekst og foto; Helge Kårstad

Kystskogmeldinga (2008) og Sintef-rapporten fokuserte reduserte transportkostnader for tømmeret langs kysten og skisserte ein framtidig hamnestruktur.
I to reviderte nasjonalbudsjett (2012 og 13) er det sett av pengar til utbygging av tømmerkaier, - i 2013 gjeldane for heile landet.
Kystskogbruket har etablert eit eige prosjekt (Virkesterminalprosjektet) for å setje fokus på dette viktige tema. Og responsen fra skogeigarar, næringa, kommunar, fylke, stat, Innovasjon Norge og ikkje minst frå våre poltikarar har vore stor. I desse dagar pågår møter i alle fylker innafor Kystskogbruket der fokus er kva som kan gjerast for å utvikle betre hamner/ tømmerkaier og samtidig oppnå ein betre logistikk.
 
I går var det m.a. møter i Vest Agder der eit større kaiprosjekt i Mandal er under planlegging, - likeeins har hamnesjefen i Farsund engasjert seg og invitert skognæringa til ei felles utbygging av hamna. Når det gjeld Mandal havn opplyser AT Skog at dette har vore og er ei svært viktig hamn for skognæriga på Sørlandet og potensiale er årleg opp mot 200 000 kubikkmeter. 
Denne veka har også Nordland Fylkeskommune invitert breidt til eit fellesmøte i Bodø der hamneeigarar, skognæring og skogfolk frå Meløy til Risøyhamn vil delta.   

Dette er eit svært viktig arbeid i Kystskogbruket. Utbygginga ved Mosjøen Hamn er nett ferdigstilt og investeringa der (m.a. over revidert statsbudsjett 2012) fører pr. idag til 10-15 % i sparte transportkostnader for tømmeret frå regionen.
Dette er eit godt resultat og fleire slike resultat  vil garantert kome framover.