TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Store juletre eignar seg ikkje til tømmer

Store juletre eignar seg ikkje til tømmer

Temperaturen var høg og forsamlinga engasjert då Hordaland Skognæringsforum var samla til møte og bedriftsbesøk på Tønnegarden i Fusa forrige veke. «Store juletre eignar seg ikkje til tømmer» sa Arvid Solberg og understreka kor viktig det blir å produserer kvalitetsvirke i framtida

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 19.06.2016

Tønnegarden/ fabrikken i Fusa 16. juni. F.v. Pål Solberg, Ottar Haugen, Nils Kaalaas, Arvid Solberg, Sigmund Leitet, Erling Skiple, Åsta Midtbø med Torvald på armen og ytterst til høgre Jostein Gangstø.I tønnestolen framfor ei heiltønne klar til salting av rogn sit leiar Vidar Jørdre.
Foto: Helge Kårstad

Hordaland Skognæringsforum er eit av 10 skognæringsforum frå Vest-Agder til Finnmark og legg grunnlaget for Skognæringa Kyst. Forrige veke var skognæring og skogforvaltning i Hordaland invitert til samling på Tønnegarden i Fusa. Ei svært engasjert forsamling i strålande sommarveir gjorde at «temperaturen» vart høg både inne og ute.
Leiar Vidar Jørdre orienterte først litt om Hordaland Skognæringsforum og korleis ein ville prøve arbeide framover. Det er eit mål å få kopla opp aktuelle bedrifter og interesserte i nettverket og arbeide for felles og prioriterte oppgåver framover. Det kom fleire gode innspel kring det vidare arbeidet.

Frustrasjon kring for tidleg hogst og avslag for å plante sitkagran
På møtet kom det fram ein sterk frustrasjon kring det faktum at skog og særleg sitkagrana blir hogge for tidleg. - «Store juletre eignar seg ikkje for tømmer» sa Arvid Solberg frå Solberg Sag på Osterøy. Denne bedrifta har spesialisert seg på lokal verdiskaping basert på lokalt tømmer. Kunnskap om ulike treslag, bearbeiding og bruk av desse treslaga står sentralt i denne bedrifta.
Det kom også fram at noko må vere hakkande gale når skogeigarar som søkjer om å få plante sitkagran får avslag frå myndigheitene. Og det vart vist til eksempel frå Hordaland fylke.

Kvifor ikkje hogge meir furu ?
Tilgang på furutømmer er noko som stadig kjem på dagsorden i fleire av kystskogfylka. Ikkje minst i Fusa der det er fleire mindre produsentar av tønner. At ein no må ut av fylket for å få eigna furumaterialer fekk fleire til å kommentere at akkurat det burde vere muleg å endre på. For det er svært mykje god og eigna furuskog i Hordaland.

Kan ikkje stå med «lua i handa»
Manglande skogleg fagkompetanse i kommunar er eit tema som mange meiner bør kunne betrast. Spørsmålet er også her kva ein kan gjere for å påverke ei betring. Og svaret var eintydig. Skogeigarar og heile skognæringa må stå meir samla om felles prioriterte mål. Og nettopp Hordaland Skognæringsforum og Skognæringa Kyst er middelet som må brukast. Men det krevs ei større bevisstgjering kring forumet i fylket og i neste omgang konkrete felles satsingar. - "Vi kan ikkje stå med «lua i handa» når vi veit at vi har ei god og berekraftig sak" vart det sagt.

Inspirasjon og evne
Etter eit særdeles godt måltid basert på lokale matrettar i Fusa var det tid for omvisning på tønnefabrikken. Jostein Gangstø med familie har etablert ei imponerande bedrift og teke vare på fleire hundre år kompetanse kring produksjon av tønner. Marknaden er både lokal og nasjonal. Vi har før skrive om produksjon av heiltønner til lagring av rogn under Lofotfisket, - sjå oppslag 22.12.15 på denne nettstaden.
Og har du ikkje vore på Tønnegarden i Fusa bør du ta ein tur dit. Her møter du ei bedrift der nyskaping tufta på historisk kunnskap og treteknisk innsikt som du berre kan drøyme om. Det er i slike bedrifter morgondagens skogindustri kan hente inspirasjon og evne. Evne til å utvikle denne skognæringa vegen vi alle ynskjer.