TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Han blei møtt med jubel

Han blei møtt med jubel

«Han blei møtte med jubel hos skognæringa» skreiv m.a. NRK Sogn og Fjordane då landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte skognæringa på tømmerkaia i Eikefjord. Denne kaien skal no byggjast ut for å kunne ta unna dei stadig aukande tømmermengdene frå skogreisingskogen på Vestlandet. Og dei kring 50 frammøtte fekk høyre ministeren love vidare satsing på å betre infrastrukturen i skogbruket.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 26.05.2016

Styret i Flora Skogeigarlag sette stor pris på at landbruks- og matminister Jon Georg Dale kom på vitjing. Det er Flora Skogegiarlag som er eigar av tømmerkaien i Eikefjord. Fleier av desse personane har vore med sidan dagens kai vart bygd tidleg på 90-talet og representerar eldsjeler i bygdene i kommunen og ikkje minst eldsjeler i skogbruket.
F.v. Kolbjørn Taklo, Gunvald Seljeseth (også byggeleiar), landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Asle Magen Ellingsund (leiar i laget), Aslak Osa og Anne Karin Kleiven Rynning.
Foto: Helge Kårstad

Veiret kunne ikkje bli betre då leiar i Flora Skogeigarlag Asle Magne Ellingsund kunne ynskje landbruks- og matminster Jon Georg Dale velkommen til Flora kommune og Eikefjord tømmerkai denne veka. Byggeleiar Gunvald Seljeseth fortalde at denne kaien først vart etablert tidleg på 90-talet, men stadig aukande tømmermengder over kaia har ført til ein stor trong for utbygging. Så vel bakareal som kaifronten blir utvida, likeeins blir dimensjoneringa auka for å lesse inntil 6 meter høge tømmerstablar. Den nye kaien vil få ein kaifront på ca. 100 meter, god djupne og dermed ta inn dei største skipa som i dag går i tømmerfrakt til norsk og utanlandsk skogindustri. Totalkostnad er ca. 18 millionar kroner.

Frå stubben til industri
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale understreka i si tale at han ville satse på å støtte ei vidare utbygging av tømmerkaiar og skogsvegar. Og dette for å styrke konkurransekrafta i ei viktig og fornybar skognæring.
Dale sa også at regjeringa var oppteken av gode prosessar for å få skrive opp dei offentlege vegane, dvs. vogntoglengde og bruksklasse (tillate akselvekt og totalvekt.). Og at det er viktig å sjå på heile transportstrengen frå stubbe til industri. Han understreka at han hadde stor tru på at betre infrastrukturelle rammevilkår saman med ein del generelle virkemiddel ville styrke eksisterande og ny norsk skogindustri.

Rosa mobiliseringa i kystskogfylka
Ministeren rosa Kystskogbruket for å mobilisere for ein betre infrastruktur. Til NRK Sogn og Fjordane sa han m.a. at denne evna til å mobilisere viser kor viktig dette er for svært mange i denne næringa. Han gledde seg over at så mange stilte opp på kaia i Eikefjord og merka seg spesielt at det også var folk både frå Hordaland og Møre og Romsdal.
Det var også innlegg frå taubaneentreprenør Torbjørn Frivik som sit i styret både i Skognæringa Kyst og Sogn og Fjordane Skognæringsforum, dagleg leiar Kjersti Kinderås i Skognæringa Kyst og adm.dir Odd Morten Aalberg frå MM Karton FollaCell AS som m.a. kjøper skogsvirke frå Sogn og Fjordane, sjå eige oppslag her på nettsida.

Sjå nettoppslaget på NRK Sogn og Fjordane her :
http://www.nrk.no/sognogfjordane/han-blei-mott-med-jubel-hos-skognaeringa-1.12961632

Sjå radioinnslaget på NRK Sogn og Fjordane den 24.05.16, ettermiddagssendinga.
Søk "Landbruksministeren i Naustdal", tema 17.
https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/DKSF02009616/24-05-2016#t=2h10m1s