TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Nybrotsarbeid i spennlaminat

Nybrotsarbeid i spennlaminat

Sogndal; Fredag 7 juni vart det for første gong lagt fram utrekningar som viser at ein moderne tømmerkai kan konstruerast i tre. Dette er nybrotsarbeid seier ingeniør Tormod Dyken.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.06.2013

F.v G&H Skjelnes Entreprenør AS frå Kvinnherad, Harald Thoresen fra NHO/ Innovasjon Norge, ingeniør Øystein Sørli, landbruksjef i Lindås Nils Kolaas, ingeniør Tormod Dyken og representantar frå entreprenør HS Bygg i Stryn. Foto H Kårstad 

Fredag 7 juni var konstruktørar, entreprenørar og byggherre samla i Kaupanger til dialogmøte kring utbygging av tømmerkaiane i Sogndal (Kaupanger) og Lindås (Eidsnes),
For første gong i Norge vart det lagt fram utrekninga som viser at det muleg å bygge ein moderne industrikai(tømmerkai) i tremateriale. "Dette er faktisk nybrotsarbeid og har dertil teke mykje tid", seier ingiør Tormod Dyken som har svært lang erfaring innan større brukonstruksjonar i Norge, både i betong og tre.
Løysinga er i all hovudsak basert på limtrekonstruksjonar, impregnerte limtrebjelkar (dragarar) og spennlaminert dekke. Utfordringa ligg i ein relativt lett konstruksjon i tre og tilsvarande store krefter ved lessing på kaifront og lessing/lossing av skip. Spesielt må kreftene i pollert (trossefeste på kai) og 6 meter høge stablestøtter forankrast i limtrekonstruksjonen og dette skapar utfordringar.
"Prefabrikerte limtremodular gjer dette også muleg å både bygge og montere" seier ingeniørane Sørli og Dyken som har arbeidd saman om denne noko unike løysinga.
Det gjenstår noko kvalitetsikring og priskalkyler før den endlege løysinga blir overlevert byggherrane 15 august. Deretter skal prosjektet lysast ut og vi lyt såleis vente til ut på hausten før vi kan vite om dei to kaiprosjekta blir bygd i tre eller betong. Endeleg tilbodspris vil nok i stor grad vere avgjerande seier representantar for byggherrane Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Norskog og Nordhordland Skogeigarlag.
Underteikna (Helge Kårstad) er engasjert i virkesterminalprosjektet i Kystskogbruket og vil understreke at dette er ein ny milepel i høve nye måtar å nytte trevirke på.
Det vil venteleg no bli opp til norske limtreprodusentar og byggentreprenørar om det let seg gjere å bygge ein moderne industrikai i trevirke til ein akseptabel pris. I så fall er marknaden for dette stor langs norskekysten, - berre innafor fiskeri og skogbruk er det snakk om eit hundretals kaiar som kan bli utbygde dei neste 10-åra.