TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Blir Kaupanger og Eidsnes tømmerkai bygd i tre ?

Blir Kaupanger og Eidsnes tømmerkai bygd i tre ?

Det pågår for tida detaljplanlegging av ei forlenging av tømmerkaiane i Kaupanger (Sogndal kommune) og Eidsnes (Lindås kommune). For første gong i Norge i moderne tid blir tre vurdert som konstruksjonsmateriale i ein tømmerkai/industrikai.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.04.2013

F.v Tormod Dyken og Øystein Sørli i Kaupangeri. Foto; Helge Kårstad


Det pågår for tida detaljplanlegging av ei forlenging av tømmerkaiane i Kaupanger (Sogndal kommune) og Eidsnes (Lindås kommune).
For første gong i Norge i moderne tid blir tre vurdert som konstruksjonsmateriale i ein tømmerkai/industrikai.
 . . 
Harald Thoresen i Innovasjon Norge, Prosjekt Tre og Samferdsel er involvert i fleire samferdselsprosjekt i Norge der tre som konstruksjonsvirke blir vurdert som alternativ og/ eller supplement til betong/stål. Det er m.a.gode erfaringar med tre som konstruksjonsmateriale i bruer, no blir også kaier vurdert.
Ingeniør Tormod Dyken (Dyken AS) har svært lang erfaring innan brukonstruksjonar i Norge. Saman med ingeniør Øystein Sørli (Sørli As) er desse engasjert til å utgreie ei konstruksjonsløysing i tre (og/ eller betong/stål) ved begge desse tømmerkaiane. Resultatet av dette arbeidet vil bli presentert for eigarane, Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Nordhordaland Skogeigarlag no i april. Deretter vil det bli teke stilling til kva løysing ein skal velje, tre eller betong/stål eller begge deler.   
Begge kaiutvidingane er prioriterte av Statens Landbruksforvaltning for statlege tilskot, jfrløyvinga til tømmerkaier over revidert statsbudsjett 2012.
Begge kaiane forventar ein 3-4 dobling i transportert kvantum (idag ca 20 000 kubikkmeter) framover til 2020-30. Innsparte transportkostnader er 20-30 kroner pr. kubikkmeter, i tillegg vil betre logistikk også påverke andre kostnader positivt. Dette er av stor betydning for framtidig og konkurransedyktig omsetning av skogsvirke frå desse kommuane.

Bildet under viser ein trang eksisterande tømmerkai i Kaupanger i dag, utvidinga vil kome i forlenginga av kaien mot fotografen.